Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om Gjengedal vasskraftverk og kraftleidning til Storebru/Agledal

Del
NVE arrangerer ope informasjonsmøte om planar for Gjengedal vasskraftverk og 132 kV kraftleidning til Storebru/Agledal i Sogn og Fjordane. Møtet finn stad på samfunnshuset i Hyen kl. 19.00 onsdag 19. mars 2014.

NVE har motteke søknader med konsekvensutgreiing frå Sogn og Fjordane Energi (heretter SFE) Produksjon og SFE Nett om planar for bygging av Gjengedal vasskraftverk og ein ny 132 kV kraftleidning frå Gjengedal til anten Storebru eller Agledal.

På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga av søknadene, medan SFE Produksjon og SFE Nett vil orientere om kva det er søkt om og forventa konsekvensar.

Søknadene med konsekvensutgreiingar er på høyring no. Dokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå Gloppen og Flora kommune og i Joker-butikken i Hyen.

Dokumenta er også tilgjengelege elektronisk på NVEs nettstad:

Gjengedal kraftverk

132 kVkraftleidning Gjengedal Storebru

Fristen for å komme med fråsegn er 10. mai 2014.

Kontaktperson:
Seniorrådgjevar Marit Carlsen, e-post: maca@nve tlf. 22 95 90 60.

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye