Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til oppgradering av kraftleidningen Evanger-Samnanger

Del
NVE gjev BKK Nett AS løyve til å oppgradere den omlag 37 km lange 300 kV kraftleidningen frå Evanger transformatorstasjon til Samnanger transformatorstasjon i Voss, Vaksdal og Samnanger kommunar i Hordaland fylke.

Oppgraderinga inneber å montere ekstra isolatorar i ei lengd på om lag  ein halv meter  på eksisterande isolatorkjedar på heile kraftleidningen, og å forsterke mastene på strekninga Tverrdalsvann-Tøfjell.

Oppgraderinga er naudsynt fordi deler av anlegget har nådd forventa teknisk alder. Oppgraderinga vil samstundes leggje til rette for ei framtidig spenningsoppgradering til 420 kV og auke kapasiteten på kraftleidningen. Det er eit aukande overføringsbehov på kraftleidningen grunna forventa ny kraftproduksjon i området. Det er ikkje naudsynt med nye beslag av areal og tiltaka vert gjennomført  på eksisterande kraftleidning. NVE meiner tiltaka ikkje gjer nokon nye negative konsekvensar for allmenne interesser.

Les meir om kraftleidningen Evanger - Samnanger.

Last ned "NVEs bakgrunnsnotat for vedtak". 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg, 901 93 008
Førstekonsulent: Simen Sørlie, 22 95 91 91

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye