Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til småkraftverk i Halsa kommune

Del
NVE gjev Fjellkraft AS løyve til å byggje Hennaelval kraftverk. Prosjektet ligg i Halsa kommune i Møre og Romsdal. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 4,7 GWh. Dette svarar til straumbruken til rundt 235 husstandar.

Produksjonen frå Hennaelva kraftverk vil vere eit bidrag til å oppfylle politiske målsetjingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg.

Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til naturmiljø, kulturminne, fisk og friluftsliv. NVE har sett krav om at vassvegen skal førast aust for dagens veg i øvre del av planområdet, av omsyn til kulturminnar i dette området. Tiltaket vil etter NVEs vurdering ikkje gje særlege verknader for dei andre tema, naturmiljø, fisk og fiskfriluftsliv knytt til bading i planområdets øvre del, med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring og bruk av omløpsventil.

NVE vurderer at dei samla negative verknadane av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Hennaelva kraftverk. På bakgrunn av dette gjev NVE løyve til bygging av i Hennaelva kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Les meir om vedtaket på NVEs nettstad

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16

Seniorrådgivar Jørgen Kocbach Bølling, tlf. 22 95 98 54

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye