NVE tilrår løyve til Skjeggedal kraftverk i Åmli kommune
17.2.2014 08:00:00 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Skjeggedal kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Skjeggedal kraftverk vil utnytte eit fall på omlag 125 m i øvre del av Skjeggedalsåna. Kraftverket vil få ein installert effekt på 5,4 MW og med det gje ein årleg produksjon på 18,5 GWh med fornybar energi..
Agder Energi Vannkraft AS (AEV) har frå tidlegare erverva naudsynte fallrettar og rett til grunn for bygging av Skjeggedal kraftverk. Det er desse rettane dei no har søkt om løyve til å utnytte i eit nytt kraftverk. Samstundes har Knut Olav Tveit søkt om løyve til å utnytte omlag det same fallet for Skjeggedalfossen kraftverk.
NVE har i vurderinga lagt vekt på at Skjeggedal kraftverk vil gje noko meir produksjon enn Skjeggedalsfossen kraftverk og førstnemnde har størst oppslutning hjå lokal mynde. Miljøverknadene er små, og avgrensa for begge prosjekta. NVE meiner at fordelane er størst ved å bygge ut Skjeggedal kraftverk fordi Agder Energi Vannkraft sit på rettane for utbygging.
I tillegg har Risdal Energi AS økt om løyve til overføring av Skjeggedalsåna til Juvann slik at vatnet kan magasinerast i Eptevann for utnytting i eksisterande Vassfossen kraftverk. Med unntak av Froland kommune der Vassfossen kraftverk ligg, har alle høyringspartane gått imot dette prosjektet. Dette prosjektet vil gje noko meir produksjon enn AEV sitt prosjekt, men samstundes er verknadene etter NVE si meining av ein monaleg storleik samanlikna med den avgrensa auka i produksjon som ei overføring gjev. NVE har lagt særleg vekt på at tiltaket vil redusere vassføringa i Skjeggedalsåna over ei strekkje på om lag 18 km ned til samløpet med Vatnedalselva. Dette vil ha verknader for vassdragsmiljø, bruk og opplevingar knytt til elva. I tillegg vil det verte store inngrep ved etablering av ein omlag 6,5 km lang overføringstunnel. NVE vil difor ikkje tilrå at det blir gjeve løyve til overføring av Skjeggedalsåna til Juvann.
NVE tilrår at departementet går inn for løyve til eitt kraftverk i Skjeggedalsåna, og av dei to prosjekta meiner NVE som nemnd at det er AEV sitt prosjekt som er det beste og som bør få konsesjon. Eit løyve vil bli gitt på nærare fastsette vilkår.
Les meir på NVEs nettstad:
Kontaktperson:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE fastsetter utredningsprogram for Randalen kraftverk13.10.2026 09:00:12 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Randalen kraftverk i Rana kommune i Nordland. Programmet beskriver ulike temaer Blåfall AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE avdekket avvik i Statkrafts arbeid med damsikkerhet12.10.2026 10:15:19 CEST | Pressemelding
NVE har gjennomført revisjoner av Statkrafts arbeid med damsikkerhet. Tilsynene avdekket alvorlige avvik knyttet til blant annet oppfølging av tekniske krav, internkontroll, overvåking og gjennomføring av sikkerhetsvurderinger.
Offentlig informasjonsmøte om ny kraftledning i Råde og Fredrikstad1.10.2026 09:52:28 CEST | Pressemelding
Elvia AS har søkt om konsesjon for fire ulike tiltak i kraftnettet mellom Råde, Fjærå og Skytterhuset. Norges vassdrags- og energidirektorat har sendt saken på høring, og inviterer til et offentlig folkemøte på Tomb VGS den 6.oktober.
NVE gir Nscale varsel om tvangsmulkt29.9.2026 11:23:30 CEST | Pressemelding
Nscale Norway AS startet bygging av datasenter i Narvik uten å ha levert en lovpålagt analyse om mulighetene for bruk av overskuddsvarme fra anlegget. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt Nscale et varsel om tvangsmulkt dersom de ikke utarbeider og sender inn en analyse innen 15. november.
NVE avslår søknad om Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon i Nissedal24.9.2026 09:57:10 CEST | Pressemelding
NVE avslår søknaden frå Juvåna Fallrettighetslag SA om løyve til å bygge Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon i Nissedal kommune i Telemark. Kraftverket ville ført til tap av myr og gje negative konsekvensar for registrerte naturverdiar. Samstundes ville inngrepa også gje ulemper for landskap i eit mykje brukt friluftslivsområde.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
