NVE gjev løyve til vindkraftverk i Nordreisa kommune
NVE har lagt til grunn at vindforholda er tilstrekkelig gode i planområdet og at Maurneset vindkraftverk vil til å oppfylle politiske mål om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg.
Det vert gitt løyve til ein installert effekt på inntil 10 MW. NVE vil også gje Vindkraft Nords AS AS løyve til å bygge og drive ei 22 kV kraftleidning frå planområdet til Hamneidet transformatorstasjon. Kraftleidningen skal kablast og leggast i grøft langs vegen til området.
Dei viktigaste negative verknadane av tiltaket, er etter NVEs vurdering knytt til landskap, kulturmiljø, friluftsliv, fugl og reindrift. NVE har med omsyn til reindrift sett vilkår i konsesjonen om mellom anna å stenge ny veg til området, for motorisert ferdsel og legge anleggsaktivitetane utanom brunstperioden. Etter NVEs vurdering vil tiltaket ikkje ha betydning for den regionale eller nasjonale bestandsutviklinga for trua og sårbare naturtypar og arter, og etablering av vindkraftverket vil derfor ikkje kome i strid med forvaltningsmål for naturtypar og artar, jamfør naturmangfaldlova §§ 4 og 5.
Fylkesmannen i Troms har fremja motsegn i saka på grunnlag av anleggets avgrensa samfunnsnytte i forhold til dei negative verknadane tiltaket har for naturmangfald, landskap og friluftsliv. Nordreisa kommune stiller seg positive til planane.
Les meir om løyve til Maurneset vindkraftverk på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf: 41 67 82 03
Saksbehandlar Hilde Aass, tlf: 22 95 98 85
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom