Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gjev ikkje løyve til småkraftverk i Forsand

Del
NVE gjev ikkje løyve til Asbjørn Nygård for bygging av Kleppa kraftverk i Kleppaåna i Forsand i Rogaland. NVE legg avgjerande vekt på at utbygginga vil ha negative konsekvensar for verneverdiane i det verna Espedalsvassdraget som Kleppaåna er ein del av.

Kleppa kraftverk ville ha utnytta eit fall på 380 m i Kleppaåna og med det hatt ein produksjon på 2,5 GWh/år.

Kleppaåna er del av det verna Espedalsvassdraget. Stort naturmangfald er ein del av vernegrunnlaget. NVE avslår søknaden grunna negative konsekvensar for sjøaure. Tiltaket vil også ha negative konsekvensar for landskapet då øvre del av Kleppaåna dannar eit markert og godt synleg landskapselement frå heiane og ned mot Espedalen.

NVE vurderer at utbygginga vil ha negative konsekvensar for verneverdiane i vassdraget. NVE gjev difor ikkje løyve til bygging av Kleppa kraftverk .

Les meir om avslag til Kleppa kraftverk.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216

Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye