NVE tilrår konsesjon til Sauland kraftverk
NVE har i den samla vurderinga lagt særleg vekt på at Sauland kraftverk vil gje eit betydeleg bidrag i produksjon av ny fornybar energi der ein stor del er regulerbar kraft. Dette vil vere med å oppfylle politiske mål om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg.
Utbygginga rører ved hovudelvane Skogsåa og Hjartdøla med inntak i Sønderlandsvatn og Hjartsjå, og felles kraftstasjon med utlaup i Heddøla nedstraums Omnesfossen. Det er og søkt om å ta inn avløpet frå seks sidebekkar inn til kraftstasjonen.
Dei negative verknadane er i hovudsak knytt til elvemusling i Hjartdøla, viktige naturtypar med fleire raudlista artar, endra landskapsbilete ved redusert vassføring med særleg vekt på Omnesfossen, samt negative konsekvensar for elvepadling i Skogsåa.
NVE har gjort ei heilskapleg vurdering av planane, resultata frå konsekvensutgreiingane og dei mottekne høyringsfråsegnene. På bakgrunn av dette tilrår NVE at bekkane Skorva, Vesleåa/Kjempa og Grovaråa blir tekne ut av prosjektet og at minstevassføringa i Hjartdøla vert auka betrakteleg. Dette vil etter NVEs syn ivareta førekomsten av elvemusling og halde ved lag viktige naturtypar i større grad. Det vil også sikre ei viss vassføring i Omnesfossen av omsyn til landskapet. Av omsyn til elvepadling i Skogsåa tilrår NVE ekstra slepp av vatn to dagar i året i samband med arrangement.
Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaket er større enn dei medrekna ulempene. Bygging av Sauland kraftverk med avbøtande tiltak og endringar som foreslått vil redusere det omsøkte hovudalternativet med rundt 35 GWh noko som gjev ein årleg produksjon på omlag 183 GWh. NVE meiner at kraftproduksjonen veg opp dei negative konsekvensane tiltaket vil medføre.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.
Les meir om tilråding til Sauland kraftverk på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby tlf 416 78203
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf 908 50206
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
NVE anbefaler at det gis tillatelse til å rive dammene i Nordre og Mellom Røgden17.12.2025 13:03:04 CET | Pressemelding
På grunn av sikkerheten ved damanleggene anbefaler NVE at Energidepartementet gir Fortum Sverige AB tillatelse til å legge ned reguleringene av Nordre og Mellom Røgden i Åsnes og Grue kommuner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
