Kulturminnefondet

350 000 kulturminnekroner til Mylnå

Del
Volda Elektriske Mylne AS (Mylnå) frå 1937 har ei drift som knytter seg heilt attende til 1864. Etter mangfoldige år i drift har nå møllesteinane til havrekverna vorte for nedslitte til at dei kan brukast til vidare produksjon. I over eit år har derfor havrekverna stått ubrukt.

Styret i Kulturminnefondet har fatta vedtak om eit tilsagn på kroner 350 000. Tilskotet skal gå til arbeidet med å støype nytt slitelag på tre møllesteinar.

Pressa vert invitert:  fredag den 29.11.2019 kjem direktør for Kulturminnefondet for å overraske eigarane Volda Elektriske Mylne AS  med den glade bodskapen. Pressen vert invitert til overrekkinga kl. 09.00.

Sperrefrist: då Volda Elektriske Mylne AS ikkje veit at dei har fått tilsagn endå, ber vi om at dykk overheld sperrefristen 29.11.2019 kl. 09.00.

Mylnå er den siste bygdemølle som driv med kommersiell matproduksjon med møllesteiner, platetørker, valsestol og skallmaskin i frå 1930-tallet. Her tek dei aktivt vare på gammelt handverk og tradisjonar i produksjonen av ulike mjøltypar.

«Det er prisverdig at møllesteinane nå vert sett i stand, for så å bli teke i bruk til næringsverksamhet samtidig som gamle tradisjonar bevarast.» seier Tine Sundtoft, styreleiar ved Kulturminnefondet.

Kulturminnefondet har tidlegare gjeve tilskot til Mylnå. Fyrst til arbeide med mølleanlegget med kroner 500 000, deretter vart det gjeve tilsagn om tilskot til tekking av tak på 217 000 kroner.

Nyleg vart Mylnå godkjent som Économusée, eit internasjonalt nettverk kor handverksbedriftar er tilrettelagt slik at besøkande får sjå handverkarane i arbeid med produksjon og produkt.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Last ned bilde
Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet
Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet
Last ned bilde
Last ned bilde

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

 

Følg pressemeldinger fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturminnefondet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye