Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tre løyve og ei tilråding til småkraftverk i Tinn og Notodden

Del
NVE har hatt åtte søknadar til handsaming om bygging av småkraftverk i kommunane Tinn og Notodden i Telemark. NVE gjev løyve til tre av kraftverka og avslag til tre. For eitt kraftverk har NVE tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve. Ein søknad er ikkje avklart enno.

NVE har gjeve konsesjon til Husvollåe og Vesleåe kraftverk i Tinn kommune, og til Bergåa kraftverk i Notodden kommune. NVE har tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve til Ramsåe kraftverk i Tinn kommune. Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av kraftverk i Kvitåi og Gjerdøla i Tinn kommune, og Haukedalsåa i Notodden kommune. Vedtak i Esperåa kraftverk vil kome på seinare tidspunkt grunna motsegn frå kommunen. Dei fire kraftverka som har fått løyve vil, etter dei vilkåra som er sett, produsere omlag 32 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 1600 husstandar.

Dei åtte søknadane har vorte handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng.  Verdfullt naturmangfald, landskap, brukarinteresser og samla belasting i området, har vore sentralt i NVEs vurdering.

NVE har lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konflikten med dei allmenne interessene.

For nærare grunngjeving, sjå omtale av dei einskilde sakane på vår nettstad

Les meir om Ramsåe kraftverk

Les meir om Husvollåe kraftverk

Les meir om Gjerdøla kraftverk

Les meir om Vesleåe kraftverk

Les meir om Kvitåi kraftverk

Les meir om Bergåa kraftverk

Les meir om Haukedalsåa kraftverk

Kontaktpersonar:
Senioringeniør Sigrun Birkeland Rawcliffe, tlf. 22 95 93 16
Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye