Nettforsterkingar på Sørlandet

Oppgraderinga vil auke forsyningstryggleiken, leggje til rette for ny fornybar kraftproduksjon og gje rom for vedlikehald og oppgraderingar av anna nett i området. Dei største nytteverknadane er knytt til framtidige moglegheiter for tilknyting av fleire utlandssamband og tilrettelegging for ny kraftproduksjon. NVE har samstundes handsama fleire 132 kV leidningar som vil kunne knyte meir fornybar kraft til kraftsystemet.
Spenningsoppgraderinga inneber at traseen vert forskyve omlag 40 meter mot aust. NVE gjev konsesjon til å krysse Øksendalen med eit luftspenn. På strekninga frå Øksendal til Ertsmyra gjev NVE konsesjon til det vestre alternativet der NVE har lagt vekt på at dette vil vere minst synleg frå bustader. Dei største endringane i arealbruk er knytt til nye transformatorstasjonar ved Hestesprangvannet i Kvinesdal og på Ertsmyra i Sirdal, og endringar av traseen for sentralnettet inn og ut av desse transformatorstasjonane.
Dei største miljøulempene med oppgraderinga er etter NVEs vurdering knytt til anleggsfasen. NVE har sett vilkår om at Statnett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan, som etter NVEs vurdering kan medverke til å redusere negative miljøverknader ved bygging av leidningane og stasjonane. NVE har sett vilkår om kamuflering av dei nye leidningane mellom Tonstad og Ertsmyra. Det er også sett vilkår om to vegar til Ertsmyra for å redusere anleggstrafikk i områder med bustader, og tilrettelegging for nye friluftsområde som alternativ til områda kring Kvinesdal transformatorstasjon.
Les meir:
Løyve til spenningsoppgradering mellom Feda og Tonstad med nye transformatorstasjonar i begge endar.
Vurdering av ny likestrømssamband mellom Norge og Tyskland.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby tlf: 416 78 203
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg tlf: 90 19 30 08
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
