Tilrår utbygging av Herand kraftverk i Hordaland
NVE legg vekt på at vasskraftverket vil gje eit monaleg tilskot til produksjon av fornybar energi.
Prosjektet er eit elvekraftverk med inntak i Storelvi nedanfor Fodnastølsvatnet, omkring 527 moh. Kraftstasjonsbygningen er planlagt plassert like ved Storelvi på Trå og vil utnytte ei fallhøgde på knapt 440 m. Andre vesentlege terrenginngrep gjeld nedgraving av røyrgate på omlag 2,6 km og ein kortare anleggsveg frå skogsveg fram til inntaket.
NVE meiner at tiltaket sine verknader for miljø og naturressursar er akseptable, og vektlegg i tilrådinga at utbygginga vil skåne Fodnstølsvatnet og Fodnastølsfossen mot inngrep og fråføring av vatn. Dette gjer at viktige landskapselement i det opne fjellområdet vil framstå med naturleg vassføringsvariasjon.
Som avbøtande tiltak på utbyggingsstrekninga foreslår NVE mellom anna å sleppe tilsigsavhengig minstevassføring på 390 l/s og 220 l/s høvesvis om sommaren og vinteren. Minstevassføringa saman med avrenninga frå restfeltet, der Grimeelvi gjev eit vesentleg tilskot, vil medverke til å oppretthalde naturmiljøet i Storelvi.
Sidan søknaden omfattar eit elvekraftverk som produserer over 40 GWh og har installert effekt på meir enn 10 MW, går saka til Olje- og energidepartementet, som vil stå for den vidare sakshandsaminga.
Les meir om tilrådinga til Herrand kraftverk på NVEs nettstad
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby tlf 416 78203
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf 908 50206
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
