Avslag til Lille Lindland minikraftverk
Prosjektet ligg i Nærestadvassdraget, eit sidevassdrag til Vegårsvassdraget. Det vart verna i 1986 grunna verdiane i vassdraget som er knytt til naturmangfald, kulturminne og friluftsliv. Søknaden omfattar òg fråføring av vatn frå det verna Gjerstadvassdraget for utnytting i kraftverket.
Lille Lindland kraftverk var planlagt med inntak 104 moh. og kraftstasjon 32 moh i Nærestadelva. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 0,5 MW og ville gitt ein årleg produksjon på inntil 2,4 GWh. Prosjektet omfatta reetablering av ein atthaldsdam på vasskiljet ved Brenteberg for å fråføre vatn frå det verna Gjerstadvassdraget i aust.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, landskapsinngrep, omsynet til verneverdiane, slukeevna i kraftverket, samt fråføring av vatn frå eit anna verna vassdrag.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. Omsøkt tiltak er difor i strid med OED sine retningslinjer og NVE ser ikkje at tiltak kan avbøte dei negative konsekvensane i tilstrekkeleg grad.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev på bakgrunn av dette ikkje løyve til Lille Lindland minikraftverk.
Les meir om avslag til Lille Lindland minikraftverk
Kontaktpersonar:
Siri Merethe Fagerheim (avdelingsingeniør): 22 95 91 75
Øystein Grundt (seksjonssjef): 22 95 93 89 eller 90 19 82 16
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom