Tilrår bygging av Godfarfoss kraftverk
18.12.2013 15:30:00 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Kraftstasjonen og vassvegen skal leggast i fjell, kraftleidningen skal gravast ned og dei fysiske inngrepa vil etter NVE si vurdering medføre relativt små negative konsekvensar. Redusert vassføring vil gjere Godfarfossen til eit mindre framtredande landskapselement og endre livsvilkåra for vasstilknytta arter. NVE har sett vilkår om at det skal sleppast minstevassføring heile året. For å sikre ei viss vassføring i den viktigaste turist- og friluftslivsperioden, rår NVE til at det vert sleppt noko meir (10 m3/s) i månadene juli og august.
Med avbøtande tiltak vil ulempene etter NVEs vurdering vere akseptable i høve til nytten. NVE har lagt vekt på at utbygginga samla vil medføre akseptable konsekvensar for miljø og samfunn, og at tiltaket vil bidra med ny, fornybar kraft. NVE rår på bakgrunn av dette til at det blir gitt løyve til bygging av Godfarfoss kraftverk.
På bakgrunn av at søknaden omfattar eit kraftverk som produserer over 40 GWh og har installert effekt på meir enn 10 MW, går saka til Olje- og energidepartementet som vil stå for den vidare sakshandsaminga.
Les meir om tilrådinga til Godfarfoss kraftverk
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78203
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 908 50206
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Mjøndalen er bedre sikret mot flom og kvikkleireskred13.5.2026 10:09:05 CEST | Pressemelding
Etter flere år med arbeid er et av Norges største flomsikringsprosjekter nå ferdigstilt. Rundt 1300 innbyggere i Mjøndalen er bedre beskyttet mot flom, og samtidig er risikoen for kvikkleireskred redusert.
Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes13.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.
NVE fastsetter utredningsprogram for Stelåga Kraftverk8.5.2026 13:58:25 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Stelåga kraftverk i Rødøy kommune. Programmet beskriver ulike temaer Blåfall AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE held fast ved nyleg reviderte miljøkrav – avslår to søknader frå Statkraft8.5.2026 13:46:05 CEST | Pressemelding
NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om å endre nyleg fastsette miljøkrav i vilkårsrevisjonane for reguleringane i Folla-Vindøla og Tokke-Vinje. NVE meiner endringane det er søkt om vil gripe inn i sentrale føresetnader for miljøforbetringane som skulle oppnåast gjennom vilkårsrevisjonane.
NVE inviterer til høring og møter om havvindanlegg utenfor Utsira og Karmøy5.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
De to selskapene Utsira Nord Havvind DA og Harald Hårfagre AS ønsker å bygge havvindanlegg utenfor kysten av Rogaland. Det er planlagt å koble anleggene til kraftnettet på land i de to kommunene Utsira og Karmøy. Norges vassdrags- og energidirektorat inviterer til en offentlig høring og folkemøter i juni.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
