Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til ny transformatorstasjon på Hanefoss

Del
NVE gjev Agder Energi Vannkraft AS løyve til å byggje og drive ein ny transformatorstasjon i tilknyting til Hanefoss kraftverk i Aust-Agder. Agder Energi Nett AS får samstundes løyve til å byggje ein omlag 130 meter ny 132 kV leidning fram til transformatorstasjonen.

Transformatorstasjonen er naudsynt som følgje av at Agder Energi Nett skal oppgradere leidningen Hanefoss–Vegusdal frå 66 kV til 132 kV og rive 66 kV-leidningen på strekninga Evenstad–Hanefoss. Dette gjer det naudsynt å flytte dei elektriske anlegga i noverande Hanefoss kraftstasjon ut av fjellhallen. Tiltaket vil gje auka persontryggleik i anlegget. For å leggje til rette for den nye transformatorstasjonen, må kommunal veg nr. 56 leggjast om 2–8 meter over ei strekning på omlag 100 meter forbi nye Hanefoss transformatorstasjon. Agder Energi nett får samstundes løyve til å bygge ein omlag 130 meter ny 132 kV luftleidning frå nye Hanefoss transorma til leidningen Hanefoss –Vegusdal. NVE meiner at tiltaket som heilskap vil gje små nye verknader for allmenne interesser.

NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan av omsyn til nærmiljø, naturmiljø og samfunnsinteresser, særleg i anleggsfasen.

NVE har også gjeve Agder Energi Vannkraft og Agder Energi Nett oreigningsløyve for naudsynt areal for etablering av transformatorstasjonen, og for drift og framføring av kraftleidningen.

Les meir om løyve til Hanefoss transformatorstasjon

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg tlf. 901 93 008
Førstekonsulent: Solveig Willgohs tlf. 22 95 92 45

 

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye