Løyve til Sagelva kraftverk i Hemnes
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Sagelva vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 198 moh og 4 moh. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til reindrift og biologisk mangfald. NVE meiner ulempene kan reduserast i tilstrekkelig grad gjennom avbøtande tiltak. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei heilårleg minstevassføring i Sagelva. Anleggsperioden skal også tilpassas reinens bruk av området. Området er ikkje synleg i eit større landskapsrom, og slik NVE ser det vil inngrepa berre få lokale verknader, og den er dermed ei akseptabel utbygging.
NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesse og gjev difor løyve til bygging av Sagelva kraftverk på nærare fastsette vilkår.
NVE meiner at på grunnlag av ein lav konfliktgrad kan Sagelva handsamast som ein eigen sak i forhold til dei ni andre sakane som har vorte sendt ut på høyring i Hemnes kommune.
Les meir om løyve til Sagelva kraftverk.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Henrik Langbråten, tlf. 22 95 94 18
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
NVE gir Bjørøya AS overtredelsesgebyr på tre millioner kroner24.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat gir gebyret til Bjørøya AS for å med forsett ha bygget elektriske anlegg uten nødvendig tillatelse. Dette er en av flere saker det siste året hvor NVE gir gebyr for ulovlig utbygging av kraftnett.
NVE gir 40 nye kraftanlegg status som listeførte kulturminner24.6.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Med de 40 nye anleggene, er det totalt 270 kraftanlegg som er listeført som kulturminner av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom