Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Vågafossen settefisk får løyve til vassutak og regulering av to vatn

Del
NVE gjev Vågafossen settefisk AS løyve til vassuttak frå Vågavassdraget, og regulering av Øvre- og Nedre Vågavatn med 1,4 meter og Hustoftvatnet med 0,6 meter. Vassdraget ligg i Vindafjord i Rogaland.

Løyvet vil gje Vågafossen settefisk AS grunnlag til å etablere nytt resirkuleringsanlegg ved sitt settefiskanlegg i Vågafossen i Vindafjord kommune. Resirkuleringsanlegget skal etablerast på same lokalitet som det eksisterande gjennomstrøymningsanlegget og vil nytte same vassressurs. Dei tekniske inngrepa er allereie etablert som konsesjonsfritt anlegg. Vassuttaket skal ikkje vere større enn 10 m3/min når vasstanden går under terskel på dam i Nedre Vågavatn, og det skal til eikvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket.

NVE vurderer reguleringa og vassuttaket til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Les meir om løyve til regulering av Vågavatn og Hustoftvatnet og vassuttak frå Nedre Vågavatn.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Gry Berg, tlf. 22 95 92 20 eller 412 93 086
Seniorrådgiver Frank Jørgensen, tlf. 22 95 94 31

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye