Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til bygging av Kleivfossen kraftverk i Snåsa

Del
NVE gjev Kleivfossen Energy AS avslag på søknad om å bygge Kleivfossen kraftverk i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag. Avslaget er grunngjeve med omsyn til vassdragets verneverdiar.

Kleivfossen kraftverk var planlagt bygd med uttak frå Jørstadelva. Det var søkt om ein installert effekt på 0,5 MW og ein årleg produksjon på om lag 2,5 GWh. Jørstadelva vart verna mot kraftutbygging ved supplering av verneplan for vassdrag i 2005.

NVE meiner Kleivfossen kraftverk vil redusere vassføringa og gje ulemper for Kleivfossen som landskapselement med vesentleg verdi. Ei slukeevne på 80 prosent av middelvassføringa vil etter NVEs vurdering frata vassdraget størsteparten av den  naturlege vassføringsdynamikken. NVE har vidare lagt vekt på at ei utbygging vil føre til uakseptable skadar på storaure og ål, som er kritisk truga. Desse skadane kan etter NVEs syn ikkje avbøtast tilstrekkeleg.

NVE meiner at ei utbygging av Kleivfossen kraftverk vil føre til at verneverdiar knytt til landskapsbilete og biologisk mangfald vert svekka, og at tiltaket dermed er i strid med Olje- og energidepartementets retningslinjer for små vasskraftverk. NVE gjev på bakgrunn av dette ikkje løyve til Kleivfossen kraftverk.

Les meir om avslag til Kleivfossen kraftverk

Kontaktpersonar:
Førstekonsulent Marte Nyheim, tlf. 22 95 90 38
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 15

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye