Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting i Åseral kommune

Del
NVE arrangerer offentleg møte om Skveneheii vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting. Møtet finn stad i Gamle gymsal i fleirbrukshuset ved Åseral barne- og ungdomskule, måndag 9. desember kl.18.00.

NVE har motteke konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing for Skveneheii vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting i Åseral kommune i Vest-Agder fylke.

Skveneheii Vindkraft AS (tidlegare HybridTech Skveneheii AS) søkjer i medhald av energilova om konsesjon for å byggje og drive eit vindkraftverk med 39 turbinar som vil gje ein installert effekt på inntil 120 MW. Planområdet ligg på fjellplatåa, Skveneheii og Stuttjørnheii. I fall det ikkje viser seg muleg med minnelege avtalar med grunneigarar, søkjer også Skveneheii Vindkraft AS om oreigning og førehandsovertaking. Søknaden er no på offentleg høyring.

På møtet vil NVE orientere om handsaminga av søknaden. Tiltakshavar vil orientere om plan og konsekvensutgreiing.

Søknaden med tilhøyrande konsekvensutgreiing er lagt ut til offentleg ettersyn i Åseral  kommune. Dokumenta er òg tilgjengeleg på nve.no.

Frist for å komme med merknader er måndag 10. februar 2014.

Kontaktpersonar:
Seniorrådgivar Jørgen Kocbach Bølling på tlf.: 22 95 98 54
Seksjonssjef Arne Olsen på tlf.: 22 95 92 27 eller 915 48 387

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye