Ny kabeltunnel i Suldal knytt til likestraumssamband Noreg–Storbritannia
Konsesjonen inneber også løyve til massedeponi, kai ved Strandanes, justering av stasjonsområdet i Kvilldal og omlegging av 420 kV leidningen Kvilldal–Rjukan–Flesaker ved Kvilldal i Suldal kommune.
Løyvet er ei endring av tidlegare konsesjon frå 2001 om nytt likestraumsamband mellom Noreg og Storbritannia. I den opphavlege konsesjonen var det lagt opp til kabel som skulle gå gjennom Hylstunnelen på Riksveg 13. Løysinga med ein eigen kabeltunnel har fordelar knytt til installasjon, teknisk utforming og drift og vedlikehald av kabelen, samanlikna med opphavleg alternativ. Etter NVEs vurdering vil ny kabeltunnel, massedeponi og justering av stasjonsområdet i Kvilldal føre med seg akseptable ulemper jamført med samfunnsnytta av tiltaket.
Oreigningsløyve for likestraumskabelen frå 2001 har falt bort (oreigningslova § 16). NVE gjev nytt samtykke til oreigning for heile likestraumskabelen, inkludert dei nye løysingane.
Konsesjonsdokumentet, notatet ”Bakgrunn for vedtak” og kart som syner tiltaket er tilgjengeleg på NVEs nettstad nve.no/kraftledninger
Konktaktperson:
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, tlf. 901 93 008
Rådgjevar Hans Jørgen Bihli, tlf. 22 95 91 14
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom