Kulturminnefondet

300.000 kroner til 1000-meteren

Del
Den over hundre år gamle vegen mellom Heirsnosi og Sletterust i Årdal har fått tilsegn om stønad på inntil 300.000 kroner frå Kulturminnefondet.
Vegen går i 42 hårnålssvinger frå Årdal. Foto: Rigmor Øygarden.
Vegen går i 42 hårnålssvinger frå Årdal. Foto: Rigmor Øygarden.

– Tilskotet skal gå til utbetring og reparasjon av eit område skadd av ras og utgliding. Når vegen blir sett tilbake til opphaveleg stand vil den bli ein turistattraksjon og eit reisemål, fortel Simen Bjørgen i Kulturminnefondet.

Den gamle anleggsvegen frå 1910 er på Statens Vegvesen si liste over verneverdige vegar og er viktig for den gamle veghistoria i Årdal, skriv søkar, som er Årdal Utvikling. Vegen vart bygd av Norsk Hydro i samband med kraftutbygginga og sto ferdig i 1920. I 42 hårnålssvingar slyng den seg opp til 1000 meter over havet.

– At vegen blir sett i stand vil ha stor verd for bruken, både for lokalbefolkninga og turistar. Vegen har rast ut mykje, og det har ikkje vært anbefalt å bruke den. Men nå kjem vi i gang, og eg håpar den blir klar allereie til hausten, seier Trine Grøttebø i Årdal Utvikling.

I 1964 blei vegen omklassifisert til privat veg og har seinare blitt mykje brukt som turveg for syklistar og gåande. Men utglidning av vegbana har avgrensa bruken dei siste fem åra. I dag er det farlig å ta seg forbi rasstaden, og adkomsten er utfordrande. Årdal Utvikling ønsker å gjennomføre utbetringsarbeidet på vegen for å etablere en trygg løysning for gåande og syklande, slik at vegen kan nyttes som ein ressurs i reiselivsutviklinga.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Vegen går i 42 hårnålssvinger frå Årdal. Foto: Rigmor Øygarden.
Vegen går i 42 hårnålssvinger frå Årdal. Foto: Rigmor Øygarden.
Last ned bilde
Sjølve vegen er ein gamal grusveg som først var anleggsveg, deretter sommarbilveg over fjellet. Foto: Rigmor Øygarden.
Sjølve vegen er ein gamal grusveg som først var anleggsveg, deretter sommarbilveg over fjellet. Foto: Rigmor Øygarden.
Last ned bilde

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

 

Følg pressemeldinger fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturminnefondet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye