Kulturdirektoratet

30 millionar til 294 korona-prosjekt til kunst- og kulturlivet

Del
Norsk kulturråd har fordelt 30 millionar kroner til 294 prosjekt knytt til korona-krisa. Snart kan publikum oppleve hengekøyekonsert, bakgardsteater, freestyle broderi på videokonferanse og ei mengde konsertar, utstillingar og andre formidlingstiltak både digitalt og i nyskapande fysiske format.
Rådsleiar Lars Petter Hagen har leia arbeidet i det ekstraordinære korona-utvalet. Foto:Foto: Morten Holthe Hanssen
Rådsleiar Lars Petter Hagen har leia arbeidet i det ekstraordinære korona-utvalet. Foto:Foto: Morten Holthe Hanssen

Det har vore eit krevjande og spennande arbeid. Og vi er imponerte over korleis kunst- og kulturlivet har emna å snu seg raskt og planlegge prosjekt med høg kvalitet og høgt refleksjonsnivå tilpassa ein ny kvardag, seier rådsleiar Lars Petter Hagen, som har leia arbeidet i utvalet som har behandla søknadene.

Her finn du oversikt over alle vedtaka.

1400 søknader

Rådet vedtok i slutten av mars å omdisponere 30 millionar av Norsk kulturfond til tiltak knytt til korona-krisa. Det kom inn nesten 1400 søknader på til saman 266 millionar kroner til søknadsfristen 5. mai. Koronaordninga er tverrgåande, og skal stimulere til nye måtar å produsere og formidle kunst og kultur på i den pågåande krisa. Ordninga er ikkje ein kompensasjonsordning, men har som mål å stimulere til nye typar formidling i koronaperioden.

Rådet hadde eit ønske om å støtte opp om alt det gode arbeidet som gjerast av kunstnarar som har måtte omstille seg under koronakrisa. Vi ønsker å bidra til å stimulere til kreativitet og eksperimentering i møte med dei avgrensingane som kunst- og kulturlivet opplever i denne perioden. Og vi er verkeleg glade for dei resultata vi ser i søknadene. Kunst- og kulturlivet viser både ein stor skaparvilje og kjem med gode refleksjonar på kva koronasituasjonen gjer med samfunnet, kulturen og menneska, seier rådsleiar Lars Petter Hagen.

Kreative og nyskapande prosjekt

I tillegg til dei mange digitale prosjekta vi hadde forventa å sjå, så er det eit mangfald av kreative løysningar som bringer kunsten ut i det offentlege rom i heile landet. Og vi ser også at koronasituasjonen har gjort at målgruppefokus har blitt enda tydelegare, fortel Hagen.

Til dømes er det løyvd tilskot til «drive in» og «drive by» utstillingar og førestillingar, det er interaktivt vandreteater, podwalkar, dans for barn i private hagar, utstilling i brevform, musikk tilpassa lytting i høyretelefonar og ei rekkje intimproduksjonar både konsertar, framsyningar og utstillingar.

Blant prosjekta som er gitt tilskot er det mellom anna fleire gode prosjekt for barn og unge som Den fantastiske skogen, der det lagast ei digitalt formidlingsopplegg til bruk i naturen, knytt til boka med same namn, digital turné med prosjektet 1-2-3-4 I wont´t take no anymore, eit queer magishow for ungdom som løfter debattar om pinkwashing, homonasjonalisme, klasse og skeive identitetar. Det vil bli digitale korøvingar for barn på Youtube og i JUNGELEN i Trikkestallen i Oslo, kan ungdom få oppleve ei interaktiv førestilling inspirert av dataspel-dramaturgi.

Kunst i uterom

Det er også gitt tilskot til mange prosjekt som tar i bruk nye uterom for å vise kunst.

I Molde er det gitt støtte til prosjektet DIZNESS AS USUAL der unge kunstnarar blir inviterte til å lage ein gruppeutstilling i form av ein gatefest i hjartet av Molde, for å fylle tomrommet i festivalsommaren med lokal kunst.

I prosjektet På naturens premisser vil musikar Terje Isungset byggje ein kunst og musikkarena midt oppe på Hardangervidda berre ved hjelp av naturens eigne ressursar: snø, is og vatn.

I Tromsø vil Mathilde Caeyers lage ein utandørs danseforestilling LuxTempus der visuell kunst, scenekunst og interaktiv kunst kombinerast for å skape ei kulturoppleving der lys, vær, tid og rørsle setjast opp mot kvarandre.

I prosjektet Endelig levende! - en vandrekonsert med Barokkanerne skal publikum i fleire byar i aust- og midt-Noreg få tilbod om musikkopplevingar i historiske omgivnader i ein musikkens «natursti» med mini-konsertar som «postar» i rom som musikken opphavleg var skapt for, både utandørs og inne.

Digitale festivalar og litteraturhus på sjukeheim 

Det er også mange digitale prosjekt som er tildelt støtte gjennom koronaordninga. Og sjølv om det ikkje er det same å sjå sin favorittartist på skjerm, trur Hagen at dei digitale konsertane og festivalane kan føre til at fleire enn vanleg får med seg arrangementa. Det har også vore viktig at ordninga er tilbakeverkande, slik at dei som sette i gang med prosjekt utan å vite om dei ville få tilskot har hatt moglegheit til å søkje støtte.

Blant dei som har fått tilskot til festivalar og konsertar er konsertarenaen SALT i Oslo som skal byggje eit intimt festivalområde med kapasitet til 200 menneske og konsertserien Feriekolonien på USF Verftet i Bergen. Vinjerock har fått tilskot til Din eigen Vinjerock - 2020 der Vinjerock gir oppskrifta, og publikum sjølv gjennomfører miniversjonar av festivalen helga 17.-19. juli 2020. Prosjektet Koronerulling har også fått tilskot til delar av konsertane som vart gjennomført under dei første vekene av korona-nedstenginga.

Andre store prosjekt er Litteraturhuset i Oslo sitt Litteraturhuset på sykehjem, der dei skal lage digitale opplesingar tilpassa sjukeheimsbebuarar, Memory Work, ein tverrkunstnarleg delings- og formidlingsplattform for performativt minnearbeid og Guttas nett-TV: Gud, Satan, Penger, Kunst, der dragking-gruppa «Gutta» skal lage nett-TV som ønsker å synleggjere det skeive miljøet i ein streit offentlegheit.

Har gitt litt til mange

Eit tverrfagleg utval satt saman av fleire av medlemmane av rådet og rådets fagutval har i tre heile dagar sitte saman og diskutert og vurdert søknadane for å ta ein endeleg avgjerd.

Sjå utvalsmedlemmane her

Det har i følgje rådsleiaren både vore utruleg moro og svært krevjande.

Det er fantastisk mange gode prosjekt og det er ikkje nok midlar til å gje til alle vi kunne ønske. Det har vore harde prioriteringar og vi har vald å gje litt til mange, så det er svært få som har fått alt det dei har søkt om. Bunken av søknader syner tydeleg at det er eit stor behov for midlar i kunst- og kulturfeltet i denne situasjonen og vi håpar at dette kan gjere tida som kjem litt enklare for nokon, seier Lars Petter Hagen.

Ikkje nokon runde 2

Da ordninga vart lyst ut var det planar om enda ei utlysing av korona-midlar, men grunna det store talet på søknader som kom inn 5. mai avgjorde utvalet at det ikkje blir ein ny søknadsrunde.

Vi beklagar til søkjarane som har belaga seg på dette, men minner om at parallelt med den nye ordninga blir dei faste tilskotsordningane behandla som normalt. Og at det er mogleg å søkje til same prosjekt i dei faste ordningane, så sant det fell inn under kriteria til den aktuelle ordninga. Alle fagutval vil vurdere prosjekt i lys av koronasituasjonen og dei konsekvensane den har framover, seier Hagen.

Her finn du oversikt over alle vedtaka.

Kontakter

Bilder

Rådsleiar Lars Petter Hagen har leia arbeidet i det ekstraordinære korona-utvalet. Foto:Foto: Morten Holthe Hanssen
Rådsleiar Lars Petter Hagen har leia arbeidet i det ekstraordinære korona-utvalet. Foto:Foto: Morten Holthe Hanssen
Last ned bilde

Om Kulturdirektoratet

Kulturdirektoratet
Kulturdirektoratet
Mølleparken 2
0459 OSLO

21 04 58 00http://kulturdirektoratet.no

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye