Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om Dalbygda vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting i Tysvær

Del
NVE arrangerer offentleg møte om Dalbygda vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting i kommunestyresalen i Tysvær rådhus, måndag 23. september kl.19.00.

NVE har motteke konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing for Dalbygda vindkraftverk i Tysvær kommune i Rogaland. NVE har samstundes motteke søknad om nettilknyting for vindkraftverket.

Dalbygda Kraftsenter AS søkjer i medhald av energilova om konsesjon for å byggje og drive eit vindkraftverk beståande av 10–14 turbinar som vil gi ein installert effekt på inntil 42 MW. Planområdet ligg på eit fjellplatå nordaust for Dalbygda i Skjoldastraumen og utgjer til saman omlag 6.8 km2. Tiltakshavar søkjer om nettilknyting til eksisterande 66 kV luftleidning som vil gå aust for planområdet.

På møtet vil NVE orientere om handsaminga av søknaden, og tiltakshavar vil vere representert og orientere om planen og konsekvensutgreiinga.

Søknaden med tilhøyrande konsekvensutgreiing er lagt ut på høyring, og er til offentleg ettersyn i Tysvær kommune. Dokumenta er òg tilgjengeleg på NVEs nettstad.

Høyringsfrist er 28. oktober 2013.

Kontaktpersonar:
Førstekonsulent Marthe Laureen Helland, tlf.: 22 95 90 74
Seksjonssjef Arne Olsen, tlf.: 22 95 92 27 eller 915 48 387

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye