Ikkje løyve til bygging av Skavlhaugelva kraftverk i Bodø
Skavlhaugelva kraftverk var planlagt bygd i Skavlhaugelva som renn ut i Djupfjorden i den søraustlege delen av Elvefjorden omlag 7 km søraust for Saltstraumen. Det var søkt om ein installert effekt drygt 2,7 MW og ein årleg produksjon på inntil 8,1 GWh.
Fylkesmannen og fylkeskommunen har fremja motsegn mot prosjektet. NVE har vore einig i Fylkesmannens og fylkeskommunens vurderingar kring konsekvensane for landskap og INON.
NVE legg særleg vekt på konsekvensane tiltaket vil medføre for landskap og friluftsliv. NVE meiner Skavlhaugelva kraftverk vil føre til uakseptable skadar på landskapet i prosjektområdet dersom det vert bygd og at det ikkje står seg i førehald til den kraftmengda som skal produserast. NVE meiner også at fråføring av vatn vil redusere verdien av to markerte fossar, og at ei utbygging vil medføre reduksjon av inngrepsfrie områder frå fjord til fjell og villmarksprega natur.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Skavlhaugelva kraftverk.
Les meir om avslag til Skavlhaugelva kraftverk på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Seniorrådgjevar Auen Korbøl, tlf. 22 95 93 44
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom