Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Øvre Bergselvi kraftverk i Luster

Del
NVE gjev løyve til å byggje Øvre Bergselvi kraftverk i Bergselvi i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

NVE har tidlegare gjeve løyve til Nedre Bergselvi kraftverk, men avslått søknad om bygging av Øvre Bergselvi kraftverk grunna stor konflikt med viktige landskaps- og naturinteresser. Dette prosjektet ville gjeve omlag 12,6 GWh i året i ny energiproduksjon.

I dei nye planane er Øvre Bergselvi kraftverk planlagd med ei langt mindre fallhøgde ved at inntaket er trekt mykje lenger ned i dalen. Kraftverket vil med dei fastsette vilkåra få ein årleg produksjon på omlag 5,3 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til omlag 260 husstandar.

NVE meiner at dei nye utbyggingsplanane representerer ei langt mindre konfliktfylt utbygging ved at to av tre viktige landskapselement ikkje vert påverka av tiltaket. I tillegg er lengda på rørgata og elvestrekninga som får redusert vassføring meir enn halvert. NVE meiner at konsekvensane for landskap, friluftsliv og turisme ved ei utbygging av Øvre Bergselvi kraftverk vil være moderate og akseptable. Mellom anna er det med omsyn til Sognefjellsvegen sett krav om ei høg minstevassføring i turistsesongen juni–august. Dette vil vere med på å oppretthalde noko av landskapsopplevinga med foss og vassdragsnatur. Det er også krav om minstevassføring resten av året.

Konsekvensane for naturtypar dreier seg i hovudsak om naturtypen fosse-eng med moseutforming ved Bøfossen. I følgje søknaden vil det være overlaup i elva 71 dagar i året, og NVE meiner at flomtoppane i vassdraget vil bidra til å oppretthalde ein viss grad av fosserøyk ved lokaliteten. NVE legg vekt på at det ikkje er kjende sjeldne eller raudlista artar knytt til lokaliteten. På bakgrunn av dette meiner NVE at tiltakets konsekvens på naturtypelokaliteten vil være akseptabel.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til bygging av Øvre Bergselvi kraftverk.

Les meir om Øvre Bergselvi kraftverk på NVEs nettstad.

Kontaktperson:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 90198216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye