Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Gilja vindkraftverk

Del
NVE gjev Fred. Olsen Renewables AS løyve til å byggje og drive Gilja vindkraftverk med tilhøyrande infrastruktur i Gjesdal kommune i Rogaland. Anlegget vil gje ein kraftproduksjon på inntil 405 GWh, noko som tilsvarar forbruket til rundt 20 000 husstandar.

Gilja vindkraftverk vil bidra til å oppfylle regjeringa sine plikter knytt til EUs fornybardirektiv. Vindkraftverket vil også kunne medføre positive økonomiske verknader for Gjesdal kommune.

Etter NVEs vurdering er dei samla fordelane ved anlegget større enn ulempene. NVE har lagt vekt på at det er gode vindforhold i planområdet. Tiltaket kan medføre negative verknader for landskap og friluftsliv i området, og vil også medføre ein reduksjon av inngrepsfrie naturområde. Samanlikna med andre vindkraftverk i Noreg er dei negative verknadane av Gilja vindkraftverk likevel vurdert som moderate.

NVE har fastsett ei rekkje vilkår til konsesjonen, som mellom anna krav om dokumentasjon på nettkapasitet, utarbeiding av miljø-, transport- og anleggsplan, avstand til busetnad, førebuande gransking om hubro, tiltak for å sikre omsynet til drikkevasskjelder og avbøtande tiltak for friluftsliv.

På NVEs nettstad kan du sjå nærare på bakgrunnen for vedtaket, konsesjonen, oreigningsløyve, og kart som viser vindkraftverket og nettilknyting. Les meir om Gilja vindkraftverk.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf 22 95 90 88 eller 416 78 203
Førstekonsulent Erlend Bjerkestrand, tlf 22 95 92

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye