Løyve til Segadal kraftverk i Hjelmeland
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Segadal kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
NVE avslo i 2012 søknad frå Segadal Kraft (SUS) om løyve til Segadal kraftverk. NVEs grunngjeving var stor konflikt med landskapsverdiane i Jøsenfjorden. Søkjar har i ettertid sendt inn ein planendringssøknad. I vedtaket har NVE late det telje sterkt at tiltaket ikkje lenger bryt med kvalitetane i fjordlandskapet. Kraftstasjonen er no flytta oppstrøms den mest markerte fossen, slik at fossen vert verna. Skjemmande inngrep som skjeringar og røyrgate ned mot fjorden vert også unngått.
I vilkåra har NVE understreka at tiltaket i planlegging, utføring og istandsetting skal tilpassast landskapet. Konsekvensane for landskapet vil etter NVEs syn ikkje lenger vere skjemmande i eit større landskapsrom, men vere av meir lokal karakter. Det er fastsett ei minstevassføring på 100 l/s i sommarsesongen for å tav vare på nokre av landskapskvalitetane på utbyggingsstrekkja. Det meste av dette skal sleppast i det austre, ikkje så markerte løpet. Resten av året er det sett krav om ei minstevassføring på 20 l/s.
Les meir om løyve til Segadal kraftverk.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 90 19 82 16
Overingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom