Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår løyve til Gravdalen kraftverk og rår frå oppdemming av Finnebuvatn

19.6.2013 10:00:00 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE tilrår Olje- og energidepartementet å gje Gravdalen Kraftverk AS (Østfold Energi) løyve til å bygge Gravdalen kraftverk i Lærdalsvassdraget i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. NVE rår samstundes frå å gje Østfold Energi løyve til sju meter oppdemming av Finnebuvatnet i same fjellområdet.

Gravdalen kraftverk er eit optimaliseringsprosjekt innanfor eksisterande utbyggingsområde i Lærdalsfjella, og vil utnytte fallet mellom reguleringsmagasinet Kvevotni og bekkeinntak Gravdalen. Kraftverket skal plasserast i fjell og inngrep i terrenget omfattar  etablering av massedeponi i Gravdalen og bygging av ein kort anleggsveg frå noverande veg mellom Øydalen og Kvevotni.

Den samla energiproduksjonen i kraftverket  vert  omkring 57 GWh/år, som tilsvarar straumforbruket for 2850 husstandar.

NVE legg vekt på at prosjektet gjev eit monaleg tilskot til produksjon av fornybar energi, og meiner at tiltakets verknader for miljø og naturressursar er akseptable. Ved å flytte vintertappinga frå  elveløpet mellom Kvevotni og bekkeinntak Gravdalen til tunnel, vil ein oppnå positiv verknad for villreinen sine trekkrute i området. Avrenninga frå restfeltet gjev etter NVE si vurdering tilstrekkeleg sommarvassføring på den aktuelle elvestrekninga.  

Prosjektet utløyser trong for bygging av omlag 18 km 66-kV kraftleidning frå Gravdalen til Stuvane kraftverk . NVE meiner at ein trasé, frå planlagt kraftstasjon via Øyridalen (alternativ T1) og nedover Råsdalen langs Nivla til noverande koplingsanlegg ved Stuvane kraftverk, totalt sett vil vere den traseen som gjev minst ulemper.

NVE rår samstundes frå å gje løyve til oppdemming av det uregulerte Finnebuvatn like nord for Gravdalen. NVE meiner fordelen ein vinn på energimengde frå oppdemminga er mindre enn skadane og ulempene for mellom anna villreinen i området. Oppdemminga vil medføre vintertapping med tidvis ope elveløp ned til bekkeinntak Øydalen som kan skape vanskar for villreinen sine trekkrute på ettervinteren. NVE vektlegg også at dammen vert eit relativt stort natur- og terrenginngrep i høgfjellet.

Nærmare informasjon:
Avdelingsdirektør Rune Flatby tlf 416 78203
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf 908 50206

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye