Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til bygging av Hammerfossen kraftverk i Tvedestrand

Del
NVE gjev A/S Jacob Aall & Søn avslag på søknad om å bygge Hammerfossen kraftverk i Vegårvassdraget i Tvedestrand kommune i Aust-Agder. Avslaget er grunngitt med omsyn til vassdragets store verdiar for laksefisk og ål.

Hammerfossen kraftverk var planlagt bygd i Vegårvassdraget som er varig verna mot kraftutbygging. Det var søkt om ein installert effekt drygt 500 kW og ein årleg produksjon på inntil 3 GWh.

NVE meiner Hammerfossen kraftverk vil føre til uakseptable skadar på laksefisk av stor verdi, og bestanden av ål som er rekna som kritisk trua. Søkjar har planlagt avbøtande tiltak for å sikre fiskevandringa forbi kraftverket. Etter NVEs syn er det betydeleg fare for at desse tiltaka ikkje vil fungere slik dei er tiltenkt. På bakgrunn av verdien av Vegårvassdraget for å laks og ål og usikkerheita som er knytt til foreslått avbøtande tiltak, meiner NVE at føre-var-prinsippet bør gjelde, jf. naturmangfaldlova § 9.

Les meir om avslag til Hammerfossen kraftverk på NVEs nettstad. 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216
Seniorrådgjevar Lars Midttun, tlf. 22 95 97 73

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye