Løyve til nye Vemorktoppen koplingsstasjon i Tinn kommune
Vemorktoppen er ein viktig koplingsstasjon i sentralnettet og viktig for drifta av Vemork kraftverk. Nye Vemorktoppen koplingsstasjon vil bidra til auka forsynings- og driftssikkerheit.
Med bakgrunn av anleggets alder og tilstand er det naudsynt å gjennomføre tiltak i stasjonen for å oppretthalde forsyningssikkerheita i sentralnettet. NVE meiner tiltaket også vil gje auka fleksibilitet ved seinare investeringar i sentralnettet, og legge til rette for den framtidige spenningsoppgraderinga av leidninga Flesaker–Vemorktoppen–Sogna.
Dagens 300 kV Vemorktoppen koplingsstasjon skal rivast og den nye stasjonen skal byggast delvis på noverande tomt og delvis på tilgrensande tomt. Stasjonen krev eit samla areal på 13 daa. Ombygginga av koplingsanlegget vil medføre at kraftleidningane inn til stasjonen må leggast om. Totalt vil to av dagens master bli rivne, og tre nye master og en midlertidig mast med T-avgreining vil bli sett opp.
Etter NVEs vurdering vil omsøkt tiltak ikkje føre til vesentlege ulemper for arealbruksinteresser eller miljø, og tiltaket er akseptabelt for allmenne interesser.
Les meir om løyve til nye Vemorktoppen koplingsstasjon.
Kontaktpersonar:
Førstekonsulent Anette Ødegård, tlf. 22 95 92 69
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, tlf. 22 95 94 38 eller 901 93 008
Nøkkelord
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom