2 millionar kroner til vidare utgreiing av hamna i Vardø

- Regjeringa vil ruste opp hamner og farleier for å sikre vekst i fiskeriavhengige kystsamfunn. Dette er eit viktig satsingsområde nedfelt i Hurdalsplattforma. Vardø er av stor verdi for fiskerinæringa i Aust-Finnmark. Regjeringa ønskjer derfor å kome i gong med dette prosjektet så raskt som mogeleg, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
I NTP 2022-2033 er det sett av 200 millionar kroner til tiltak i tilknyting til hamna i Vardø, og prosjektet skal etter planen kunne startast opp innan 2026-2027. - Regjeringa har stor forståing for utolmodet til Vardøsamfunnet. Samtidig kjem vi ikkje utanom at prosjekt som dette må utgreiast og planleggjast før det blir starta, slik at anslaget på kostnader er så riktig som mogeleg og for å sikre at alle relevante regelverk er overhaldne, seier fiskeri- og havministeren.
Som følgje av regionreforma har ikkje Kystverket oppdaterte planar for alle tiltaka som ligg inne i NTP 2022-2033, og fleire av dei krev derfor vidare utgreiingar og avklaringar. Dette gjeld bl.a. moloprosjektet i innseglinga til Vardø.
- Det er svært synd at Kystverket no er i ein slik posisjon. Dette må sjåast i samanheng med Solbergregjeringens avgjerd om å overføre staten sitt ansvar for fiskerihamner til fylkeskommunane, og nedbygginga av Kystverkets planleggings- og prosjekteringskapasitet. Dette har gitt ein stopp i planlegginga av denne typen prosjekt sidan 2017/2018. Vi er no i gong med å byggje denne kapasiteten opp igjen, seier Skjæran.
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementetKongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Totalkvoten for kolmule reduseres i 202624.10.2025 07:56:11 CEST | Pressemelding
Kyststatene er enige om totalkvoten for kolmule.
Presseinvitasjon: Næringsministeren til Levanger 27. oktober23.10.2025 13:22:49 CEST | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth reiser til Levanger mandag 27. oktober for å se rasområdet og møte Norske Skog, NHO og næringslivet i Trøndelag. Besøket skal handle om konsekvensene av kvikkleireskredet for næringsliv, forsyningssikkerhet og infrastruktur.
Husk å stille klokken23.10.2025 10:47:51 CEST | Pressemelding
Natt til søndag skal klokken stilles én time tilbake, fra klokken 3:00 til 2:00. Da blir morgenen lysere.
Priv: Fiskeri- og havministeren til India22.10.2025 15:58:06 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøker Mumbai 27. til 30. oktober for å styrke det maritime samarbeidet med India. Hun skal møte statsminister Narendra Modi og skipsfartsminister Sarbananda Sonowal.
Forenkler sjømateksporten til Brasil22.10.2025 13:48:15 CEST | Pressemelding
Norge og Brasil er enige om starte prosessen om utveksling av elektroniske helsesertifikater etter et møte mellom fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, og det norske og brasilianske Mattilsynet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom