Løyve til nytt 132 kV fjordspenn frå Hella til Dragsvik
Eksisterande fjordspenn over Fjærlandsfjorden er frå 1950-talet og har nådd teknisk levetid. NVE er einig med Sognekraft AS at det er behov for å skifte ut fjordspennet Hella–Dragsvik, og har difor gjeve konsesjon til tiltaket som omsøkt. NVE vektlegg at ei stabil og god leveringssikkerheit av elektrisitet er avgjerande for å oppretthalde viktige funksjonar i samfunnet.
NVE vurderer at tiltaket ikkje vil medføre vesentlege endra verknader for omkringliggande områder utover sjølve anleggsarbeida. Det nye fjordspennet skal etablerast to meter sør for eksisterande spennbukkar slik at arbeida kan utførast medan eksisterande spenn fortstatt er i drift. NVE meiner utskiftinga ikkje vil endre dei visuelle verknadene av anlegga for allmenta då spennbukkane er plassert omlag 500 meter opp i fjellsida på Hella, og i omlag 160 meters høgde på Dragsviksida.
Les meir om løyve til nytt fjordspenn frå Hella til Dragsvik på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg 901 93 008
Seniorrådgiver: Matilde Anker 22 95 98 90
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gjev avslag til å bygge Døvik 2 kraftverk12.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE avslår søknaden frå Hydronor AS om løyve til å bygge Døvik 2 kraftverk i Strand kommune i Rogaland fylke. Kraftverket ville ført til arealbeslag og store terrenginngrep i ei kystmyr og i den utvalde og sterkt trua naturtypen kystlynghei.
Nå blir det enklere å få oversikt over nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging3.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Mer detaljert informasjon om nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging i PlanNett, skal gjøre det lettere for berørte aktører å få oversikt – også aktører som tidligere var involvert i kvalitetssikring av utredningene. Ved å synliggjøre hva NVE trenger av informasjon, er håpet at det skal bli enklere for nettselskapene å lage gode utredninger, som igjen bidrar til mer effektiv konsesjonsbehandling.
NVE avviser melding for Lappland kraftverk29.8.2025 12:51:12 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avvist meldingen om Lappland kraftverk på grunn av manglende framdrift fra tiltakshaver. NVE har over flere år gitt tiltakshaver veiledning om innhold og formkrav til meldingen. Siden en oppdatert og oversatt melding ikke ble levert innen fristen, har NVE konkludert med at vilkårene for videre behandling ikke er oppfylt.
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til nye Eiker transformatorstasjon27.8.2025 11:18:11 CEST | Pressemelding
NVE gir Statnett og Glitre Nett tillatelse til å bygge nye Eiker transformatorstasjon i Buskerud. Den skal erstatte Flesaker transformatorstasjon i Øvre Eiker kommune. Den nye transformatorstasjonen vil øke kapasiteten i kraftnettet i området.
Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot flaum frå elva Driva22.8.2025 08:56:50 CEST | Pressemelding
NVE har ferdigstilt bygginga av ein ny flaumvoll ved Furu bustadfelt i Sunndal kommune. Tiltaket vernar 40 bustader, tre industribygg og mange uthus og garasjar mot flaum frå elva Driva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom