Løyve til Tverrelva kraftverk
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Tverrelva kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på omlag 304 meter og vil endre naturleg vassføring i Tverrelva på ei omlag 2,3 km lang strekning. Inntaket blir bygd i Nedre Tverrelvvatn, som skal regulerast med ein meter i vinterhalvåret. Av omsyn til friluftinteressa langs Turistforeninga si tursti, vil vasstanden vere på høgste nivå i sommarhalvåret.
Av omsyn til naturmiljø og brukarinteresser er det sett vilkår om at det blir sleppt ei minstevassføring i Tverrelva på 90 l/s om sommaren og 40 l/s om vinteren. Det er også sett vilkår om installasjon av ein omlaupsventil i kraftverket, av omsyn til anadrom fisk nedanfor kraftstasjonen. Vassvegen skal gå i tunnel frå vatnet til påhogget på kote 160. Resten av strekninga ned til kraftstasjonen blir røyrgata grave ned på vestsida av elva.
Reguleringa i Nedre Tverrelvvatn vil utjamne vassføringa nedstraums kraftverket i Tverrelva til ein viss grad, men NVE meiner det ikkje vil ha særleg stor verknad for laks og sjøaure. Det er opna for ei best mogleg tilpassing for landskap og miljø ved NVEs endelege godkjenning av detaljplanen for utbygginga. NVE vurderer at reguleringa og utbygginga saman med avbøtande tiltak er akseptable i høve til allmenne interesser.
Les meir om løyve til Tverrelva kraftverk på NVEs nettstad
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Overingeniør Birgitte Marie Wilvang tlf 22 95 90 32
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom