Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Trolleholselva kraftverk i Høyanger - korrigert pressemelding

Del
NVE gir Småkraft AS løyve til å bygge Trolleholselva kraftverk i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane. Vasskraftverket vil få en årleg produksjon på omlag 6,1 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til rundt 305 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Trolleholselva kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Trolleholselva kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 135 meter mellom eit inntak på 290 moh og ein kraftstasjon på 155 moh. Vatnet skal førast 925 meter i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til friluftslivinteresser og til laks og ørret i vassdraget. NVE meiner at omsynet til fisk kan ivaretakast med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring. Friluftslivinteresser vert ivareteke ved minstevassføring og at Breidalselva vert skåna for utbygging grunna konflikt med verneforskrifta til Stølsheimen landskapsvernområde.

NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Trolleholselva kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Trolleholselva kraftverk på nærare fastsette vilkår. Frist for partar som har klagerett er tre veker. Eventuelle klagar vert handsama av OED.

Les meir om løyve til Trolleholselva kraftverk.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Rådgiver Tor Carlsen, tlf. 22 95 93 93

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye