Formuesskattesaka får to heile dagar i retten

19.11.2026 07:00:00 CET | O Øvstegård | Pressemelding

Del

3. og 4. mars 2027 skal formuesskattesaka opp i Sunnmøre tingrett i Ålesund. Saksøkjar har fått gjennomslag for to heile rettsdagar og den behandlinga dei ønskte.

Etter fleire års kamp er datoane endeleg klare. Formuesskattesaka skal behandlast i Sunnmøre tingrett 3. og 4. mars 2027. Frå venstre: Terje Bøe, Lars Oscar Øvstegård, Olaug Strand Brunstad og Geir Høydalsvik.
Etter fleire års kamp er datoane endeleg klare. Formuesskattesaka skal behandlast i Sunnmøre tingrett 3. og 4. mars 2027. Frå venstre: Terje Bøe, Lars Oscar Øvstegård, Olaug Strand Brunstad og Geir Høydalsvik. Foto: Privat

I sentrum for saka står Olaug Strand Brunstad, hovudeigar i Brunstad AS, ein møbelfabrikk i Sykkylven. For initiativtakarane handlar saka om langt meir enn skatt: Dei meiner ho handlar om kven som skal eige dei lokale bedriftene, og om framtida til arbeidsplassane og lokalsamfunna rundt dei.

Regjeringsadvokaten ønskte å avgrense saka til éin dag eller bruke ei enklare behandlingsform, heiter det i pressemeldinga frå initiativtakarane. Retten følgde i staden ønsket frå saksøkjarane: To heile dagar med innleiingar, vitne og avsluttande innlegg frå advokatane.

Underskot i fabrikken – skatt for eigaren

Brunstad AS hadde eit samla underskot på over 23 millionar kroner i åra 2022–2024, ifølgje pressemeldinga. I den same perioden måtte Olaug Strand Brunstad betale over éin million kroner i formuesskatt på arbeidande kapital.

Det er denne kontrasten saksøkjarane vil løfte fram: At eigaren må betale skatt på verdiane i bedrifta også når drifta går med store tap.

Søksmålet handar om formuesskatt på arbeidande kapital. – Arbeidande kapital er ikkje pengar som står på ein bankkonto. Det er fabrikkbygningar, maskiner, varelager og alt som trengst for å skape arbeidsplassar og sikre skatteinntekter til staten.

Meiner lokalt eigarskap står på spel

Brunstad har ein nær konkurrent i Sykkylven som ikkje betaler formuesskatt, Ekornes. Dei to møbelprodusentane sel til dei same kjedene, men har ulike eigarar. Saksøkjarane meiner formuesskatten gir den kinesiske eigaren av Ekornes ein fordel som den lokale eigaren ikkje har.

Uroa deira er at skatten over tid skal svekkje rommet for investeringar og gjere det vanskelegare å halde bedriftene på lokale hender. Difor meiner dei at saka i Ålesund vedkjem langt fleire enn éin møbelfabrikk og éin eigar.

– Nettopp derfor har det vore så viktig å få denne prinsipielle saka inn i rettssalen. Der skal fakta, realitetar, dokumentasjon og sanninga fram, seier initiativtakar Lars Oscar Øvstegård i pressemeldinga.

– Til sjuande og sist handlar dette om framtida til det norskeigde næringslivet, seier han.

Retten skal ta stilling til om skattebelastninga i denne saka er så inngripande at ho bryt med Grunnlova sine reglar om konfiskasjon.

Vil la fleire følgje saka

Initiativtakarane og advokatane undersøkjer om begge rettsdagane kan strøymast direkte på nett. Håpet er at fleire skal kunne følgje saka og gjere seg opp si eiga meining. Det er førebels ikkje avklart om det blir strøyming.

Kontakter

Følg pressemeldinger fra O Øvstegård

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra O Øvstegård på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra O Øvstegård

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye