Miljødirektoratet

Bly i fiskeutstyr blir fasa ut i EU

17.11.2026 09:59:21 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding

Del

Europakommisjonen har vedteke nye reglar som skal fase ut bly i fiskeutstyr. Målet er å redusere blyforureining og verne fuglar og dyr.

Ei fiskestong med sluk hengjande over vatn, med sola lågt over horisonten i bakgrunnen.
Nye reglar fasar ut blyhaldig fiskeutstyr. Foto: Mostphotos

– Noreg jobbar for å fase ut miljøgifter, både i Europa og internasjonalt gjennom FN. Bly er skadeleg for både menneske og miljø, sjølv i små mengder. Derfor er det viktig at vi får bly ut av fiskeutstyr, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Bly er eit giftig tungmetall som er svært helse- og miljøskadeleg. Tap av blyhaldige søkke, sluker og anna fiskeutstyr bidreg til spreiing av bly i naturen.

– Bly i fiskeutstyr kan bli liggjande igjen i naturen i mange år og skade fuglar og andre dyr. Dei nye reglane vil redusere utsleppa av bly og bidra til tryggare alternativ, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Europakommisjonen har vedteke nye reglar som avgrensar bruk og omsetning av blyhaldig fiskeutstyr. Restriksjonen er ein del av EUs kjemikalieregelverk Reach og skal redusere spreiinga av bly i naturen.

Om lag 44 000 tonn bly frå jakt og fiske hamnar i miljøet kvart år

Ifølgje det europeiske kjemikaliebyrået Echa hamnar omtrent 44 000 tonn bly årleg til miljøet i EU frå jakt, sportsskyting og fiske, og rundt 11 prosent kjem frå fiskeaktivitetar. Echa anslår også at minst 135 millionar fuglar i EU kvart år risikerer blyforgifting fordi dei får i seg, fiskesøkke, blyhagl eller andre små bitar av bly.

Bly i fiskeutstyr og ammunisjon kan føre til blyforgifting hos fuglar og anna vilt. Blyet kan også takast opp i næringskjeda og påverke fleire artar over tid. Echa anslår at 876 000 tonn bly kan hamne i miljøet dei neste 20 åra dersom dagens utslepp held fram.

Lead in shot, bullets and fishing weights - ECHA

Bly skal erstattast av tryggare alternativ

Bly og blysamband står på den norske prioritetslista, og utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø. Det finst allereie fleire blyfrie alternativ til mange typar søkke og slukar, mellom anna produkt laga av stål og tungstein. Dei nye reglane skal bidra til auka bruk og vidareutvikling av slike blyfrie alternativ både blant sportsfiskarar og i fiskerinæringa.

Dette inneber dei nye reglane

Regelverket inneber at fiskeutstyr som inneheld meir enn éin prosent bly gradvis blir fasa ut.

 Restriksjonane blir trinnvis innførte:

  • 3. mars 2027 blir det forbode å omsetje og bruke «fishing wire»  og  «drop-off sinkers», der blyet er meint å falle av under bruk.
  • 3. mars 2027 må fiskeutstyr med meir enn éin prosent bly merkjast med åtvaringar på salsstaden.
  • 3. desember 2029 blir det forbode å omsetje søkke og sluker som vegar under 50 gram.
  • 3. desember 2031 blir det forbode å omsetje søkke og sluker som vegar mellom 50 gram og 1 kilo.

For kommersielle fiskarar blir det også forbode å bruke blyhaldig fiskeutstyr frå dei same datoane. Bruksforbodet gjeld ikkje utstyr som allereie er på marknaden når reglane trer i kraft.

Reglane gjeld ikkje blysøkke som er innkapsla eller tildekte, eller søkk som veg meir enn 1 kilo.

Slik kvittar du deg med fiskeutstyr som inneheld bly

Privatpersonar som ønskjer å levere inn fiskeutstyr som inneheld bly kan levere dette til den kommunale gjenvinningsstasjonen sin som ein eigen fraksjon.

Kommersielle fiskarar kan levere kassert fiskeutstyr som anna “Marpol V-avfall” som er dekt av det generelle gebyret som blir betalt til hamnar. Det blir oppmoda til dialog mellom fiskar og hamn når det gjeld leveringsmoglegheiter for den kasserte fiskereiskapen. Les meir i rettleiaren der dette står nærare beskrive: Gebyrsystemet i hamna

Må inn i norsk regelverk

Regelverket skal bli innlemma i EØS-avtalen, og gjennomførast i norsk rett. Endringa er no på høyring, med høyringsfrist 14. desember 2026.

Les mer om atbly i fiskeutstyr blir fasa ut

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye