Ukom

Gjentatte fall kan vere teikn på alvorleg sjukdom

17.11.2026 07:10:34 CET | Ukom | Pressemelding

Del

Gjentatte fall hos eldre kan vere eit viktig symptom på ny sjukdom eller forverring av helsetilstanden, og bør føre til rask medisinsk vurdering – ikkje berre førebygging av fall. Det viser ein ny rapport frå Ukom.

Rapporten “Fall som symptom” tar utgangspunkt i ei hending der ei kvinne i slutten av 70-åra fall fleire gonger same dag, i ein bemanna omsorgsbustad. Ho var i tillegg svimmel og periodevis forvirra. Det tok tid før ho blei sendt til sjukehus. Der fann dei ut at ho hadde ei bløding under den ytste hjernehinna som kravde operasjon.

Undersøkinga til Ukom viser at opplysningar om gjentatte fall, svimmelheit, forvirring og endra funksjon ikkje blei sett i samanheng. Kvinna hadde frå før fleire helseutfordringar, noko som bidrog til at dei nye symptoma blei sett i samanheng med dette, heller enn symptom på ein ny tilstand.

– Det er viktig å forstå og vurdere om gjentatte fall kan vera symptom på ny eller forverra sjukdom. Det handlar om meir enn å førebygge fall, men òg å forstå nye fall som ei endring i helsetilstanden som må følgast opp med ei medisinsk vurdering, seier Andres Neset, direktør i Ukom.

Viktig med kunnskap frå pårørande 

Rapporten peiker også på betydninga av kunnskap frå pårørande for å oppdage og følge opp endringar i tilstanden hos pasienten. Dottera reagerte tidleg fordi ho kjente det vanlege funksjonsnivået til mora, og opplevde situasjonen som uvanleg. Ukom understrekar at tenesta må bruke observasjonar og bekymringar frå pårørande i den samla vurderinga og følge opp endringar.

Undersøkinga viser òg at det er vanskeleg for dei tilsette å få tak i fastlegen til dei ulike bebuarane. Då situasjonen oppstod, prøvde dei tilsette å ringe fastlegen, og måtte då vente i vanleg telefonkø. Rapporten peiker på at kommunen bør sikre at tilsette har tilgang til og er kjent med fungerande kontaktvegar til lege for medisinsk konferering.

– Dei som bur i omsorgsbustadar i dag, er sjukare enn dei var tidlegare. Då er det viktig at dei blir sikra god tilgang på medisinske vurderingar, også når helsetilstanden deira gjer det vanskeleg å oppsøke fastlegen. Vi ser at tilgang til lege ikkje alltid er i samsvar med behova. Helsereformutvalget la nyleg fram eit forslag om tverrfaglege allmennmedisinske team med kommunalt tilsette fastlegar som kan ivareta behovet, sier Neset.

I tillegg viser undersøkinga at ein bemanna omsorgsbustad kan skape forventningar om tett oppfølging, som på ein sjukeheim. Ukom anbefalar at kommunen tilpassar tilbodet til behova hos bebuarane. 

Anbefalingar

Totalt gir/kjem Ukom med tre anbefalingar:

  • Kommunane må sikre at tilsette i bemanna omsorgsbustadar har føreseieleg tilgang til medisinsk konferering, og at bebuarane får rask medisinsk vurdering gjennom heile døgnet. 
  • Kommunane må sikre at tilsette som følger opp eldre, kan forstå gjentatte fall som teikn på akutte eller subakutte endringar i helsetilstanden. Arbeidsmåtane må sikre at relevante opplysningar frå pårørande inngår i den samla vurderinga.
  • Kommunane må jamleg vurdere om tilbodet i bemanna omsorgsbustadar svarar til behova i bebuargruppa. 

Kontakter

Bilder

Andres Neset, direktør i Ukom
Andres Neset, direktør i Ukom
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Ukom

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Ukom på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Ukom

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye