Kulturminneprisen 2026 til Sygard Grytting
10.11.2026 14:08:56 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
Årets kulturminnepris går til Hilde og Stig Grytting på garden Sygard Grytting i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.

Sygard Grytting er eit gardsmiljø der mellomalder møter notid. Det er ein gamal storgard og historisk hotell midt i Gudbrandsdalen.
Garden har vore i same slekta sidan mellomalderen og har 25 bygningar som dannar eit historisk intakt gardsmiljø .
Med kunnskap og kjærleik har ekteparet Grytting sett i stand garden som dei tok over i 1989.
Dei har brukt all tida si på å føre garden vidare, gjennom restaurering, landbruks- og gjestedrift, levande matkultur, historieformidling og frivillig engasjement.
– Arbeidet til Hilde og Stig viser oss at det går an å finne gode løysingar sjølv for dei eldste bygningane. Dette er eit særs godt døme på kva vern gjennom bruk kan bety i praksis, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Eit døme er langloftet frå 1300-talet der dei fekk lov til å integrere bad i svalgangen på 1990-talet, trass i at det er ein automatisk freda bygning. Loftet er i dag brukt til overnatting, servering og formidling.
Ikkje minst er garden ein viktig kvilestad for pilegrimar som vandrar pilegrimsleden mellom Oslo og Trondheim.
Kulturlandskapet med steinmurar, historiske vegar og bruer er tatt vare på utan moderne inngrep.
– Eigarar av historiske gardstun gjer ein stor innsats for å ta vare på verdiar som representerer historia i landet vårt. Det skal dei ha stor takk for. Mange av dei kan du og eg oppleve som gjestar. Det gjer kulturmiljøa tilgjengelege for oss alle, seier Hanna Geiran.
Eit kvalitetsstempel å få pris
– Å få ei slik anerkjenning for arbeidet vårt frå øvste nasjonale fagetat følast sterkt. Det er ingen andre utmerkingar vi ville sette meir pris på, seier prisvinnarane Hilde og Stig Grytting, og fortset;
– Utmerkinga er også eit kvalitetsstempel som vi håpar og trur vil gagne både gjestedrifta og utviklinga vidare.
Sygard Grytting er ein levande gard. Her går dyr, gjester og arbeidsfolk om kvarandre.
Om sommaren har dei omvising på garden, om bygningskultur, arkeologi og gardshistorie. I tillegg får gjestar framifrå matservering, der kvart måltid er laga av råvarer frå garden og nærmiljøet.
– Hilde og Stig Grytting har lagt ned eit formidabelt arbeid i mange år, og med stort pågangsmot. Innsatsen deira betyr mykje, også for kulturarven i heile Noreg, seier Geiran.
I trygge hender
Stig fortel sjølv at kulturarv er ei sterk personleg interesse, også fagleg. Han har brukt kunnskapen sin til å restaurere bygning etter bygning, over mange år, og han trur at mange vel å kome nett til dette området på grunn av kulturarven og det som er blitt tatt vare på.
– Kulturarven er identiteten vår, og viktig å føre vidare til komande generasjonar. Det blir sagt at «Dersom ein ikkje kjenner fortida, forstår ein ikkje nåtida og eignar seg ikkje til å forme framtida», seier han.
Og framtida er sikra for Sygard Grytting. Sonen Halvor driv i dag garden, med god hjelp frå foreldra. Dermed er garden i trygge hender, og han blir brukt og tatt vare på. No som tidlegare, og kanskje i sju hundre år til.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder




Om oss
Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Norsk storfilm brukte fredet gård - blir hyllet av Riksantikvaren28.10.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
– Markens Grøde gjør at denne fantastiske plassen vil nå ut til et enda større publikum, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Norsk storfilm brukte freda gard - blir hylla av Riksantikvaren28.10.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
– Markens grøde gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Verdensarvutstillingen på plass i Hammerfest23.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå får "oppmålingen av verden" og Struves meridianbue den spektakulære verdensarvutstillingen.
Verdsarvutstillinga på plass i Hammerfest23.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No får "oppmålinga av verda" og Struves meridianboge den spektakulære verdsarvutstillinga.
Riksantikvaren tillater utlån av vikingbåt til Danmark16.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Visste du at det store Gokstad-funnet hadde tre småbåter i tillegg til vikingskipet? Nå skal den ene på langtur til Danmark.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom