Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Kartlegg den norske utmarka

5.11.2026 14:38:19 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding

Del

NIBIO sine kartleggjarar har gått hundrevis av kilometer for å finne ut kva ressursar den norske utmarka rommar. Møt folka som kartlegg beitelandet vårt – bit for bit.

NIBIOs utmarkskartleggjarar.
NIBIOs utmarkskartleggjarar. Foto: Magnild Garte Høiberg

Noreg har mykje utmark, og beiteressursane spelar ei viktig rolle i norsk matproduksjon. Om lag 95 prosent av landarealet er rekna som utmark, og halvparten av dette er eigna som husdyrbeite. Samla blir det hausta verdiar for rundt éin milliard kroner årleg frå utmarka.

I nokre område byr utmarka på næringsrike gras og urter. I andre område er det langt mellom dei gode beiteflekkane. De er her kartleggjarane i NIBIO kjem inn.

– Vi kartlegg kor dei ulike vegetasjonstypane i utmarka finst. Då får vi kjennskap til kva beiteressursar som finst i dei ulike område, slik at vi kan forvalte dei betre, fortel seniorrådgjevar i NIBIO og prosjektleiar for kartlegging i Surnadal, Magnus Stenbrenden.

Sjølve kartleggingsarbeidet går ut på å undersøke plantesamansetting og dominerande artar i eit område. Dette seier noko om jordsmonnet, tilgangen på vatn og klima i området, og dannar grunnlag for å klassifisere området som ein vegetasjonstype. Ved hjelp av kart og flyfoto blir dei ulike vegetasjonstypane registrert, og grensene mellom dei blir teikna inn.

Tilbake på kontoret lagar forskarane vegetasjonskart og skriv rapportar. Dette blir brukt i lokal forvalting av utmarka.

I løpet av sesongen har heile teamet kartlagd om lag 450 kvadratkilometer utmark over heile landet. I dei siste 50 åra har kartleggjarar frå NIBIO gradvis avdekka meir og meir av ressursgrunnlaget i utmarka.

– Totalt har vi kartlagt 8,6 prosent av utmarka i Noreg, seier senioringeniør i NIBIO, Michael Angeloff. Han har jobba med kartlegging i fleire år, og koordinerer årets arbeid.

– Hadde me byrja dette arbeidet i 1270, då Magnus Lagabøte regjerte, hadde me vore ferdige no, ler han.

Denne pressemeldingen er basert på en artikkel publisert på NIBIO.no. Medier kan fritt benytte både innholdet i pressemeldingen og tilhørende bilder mot kreditering av fotograf og henvisning til NIBIO.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

NIBIOs utmarkskartleggjarar.
NIBIOs utmarkskartleggjarar.
Foto: Magnild Garte Høiberg
Last ned bilde
Magnhild Garte Høiberg og Magnus Stenbrenden jobber med å kartleggje utmarka.
Magnhild Garte Høiberg og Magnus Stenbrenden jobber med å kartleggje utmarka.
Foto: Magnild Garte Høiberg
Last ned bilde
Rishei med einer.
Rishei med einer.
Foto: Michael Angeloff
Last ned bilde
Sau på utmarksbeite.
Sau på utmarksbeite.
Foto: Magnus Stenbrenden
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye