BDO

A-Revisjon blir BDO

5.11.2026 11:00:00 CET | BDO | Pressemelding

Del

BDO etablerer seg i Fosnavåg. Frå 1. november 2026 vart A-Revisjon AS ein del av BDO. Kundane held fram med dei same kontaktpersonane og får samstundes tilgang til eitt av dei leiande fagmiljøa i landet innan revisjon og rådgjeving.

A-Revisjon blir BDO. Frå høgre: Ole Bjørn Kvalsund, Frode Myklebust, Morten Berge Digernes og Einar Giljarhus Løkken
A-Revisjon blir BDO. Frå høgre: Ole Bjørn Kvalsund, Frode Myklebust, Morten Berge Digernes og Einar Giljarhus Løkken Foto: Knut Øyvind Myklebust

Teamet i Fosnavåg er godt kjend i det lokale næringslivet og har lang erfaring med revisjon og rådgiving for verksemder i regionen. Dei siste seks åra har dei drive selskapet A-Revisjon AS i Fosnavåg.

Kontoret i Fosnavåg held fram. Ole Bjørn Kvalsund har passert 67 år og vel å gå av med pensjon, men Morten Berge Digernes og Frode Myklebust er framleis dei faste kontaktpersonane for kundane, og får no støtte frå heile BDO-organisasjonen.

– Kundane våre møter dei same folka på det same kontoret. Det nye er at vi får eit stort fagmiljø i ryggen, med spesialistar og verktøy vi ikkje kunne bygd opp åleine. Det gir kundane eit endå betre tilbod, seier Morten Berge Digernes.

Ein bransje i endring

Revisjonsbransjen har dei siste åra gått gjennom store endringar internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Nye grupperingar, endra eigarstrukturar og auka krav til spesialisert kompetanse pregar utviklinga. Samstundes går den teknologiske utviklinga raskt, særskilt innan kunstig intelligens (KI). Det stiller nye krav til investeringar, system og arbeidsmetodar.

– For å møte desse endringane er det ein styrke å vere ein del av ein større organisasjon som har kapasitet til å investere i løysingar og kompetanse for framtida. BDO ligg langt framme i utviklinga av digital revisjon og bruk av KI, og det kjem kundane våre i til gode, seier Digernes.

Samstundes står A-Revisjon framfor eit generasjonsskifte. Ole Bjørn Kvalsund ser positivt på at verksemda blir vidareført gjennom BDO, som denne hausten har vore den revisjonsverksemda i Noreg som får flest nye kundar, i følgje Økonomi24.

Eit etterlengta kontor

BDO har mange kundar i Herøy og fleire tilsette som bur i kommunen. Eit eige kontor i Fosnavåg har difor vore etterlengta. A-Revisjon og BDO deler dei same verdiane: lokalt nærvær, fagleg kvalitet og langsiktige kunderelasjonar. Då A-Revisjon skulle velje ein samarbeidspartnar, fall valet naturleg på BDO.

– Næringslivet i Herøy er viktig for oss, og fleire av våre tilsette bur her. Eit kontor i Fosnavåg har lenge stått på ønskelista. No får vi det på plass med eit erfarent lag som allereie har kundane sin tillit, seier partnar i BDO, Einar Giljarhus Løkken.

Gjennom samanslåinga vert lokal forankring og nærleik til kundane kombinert med tilgang til eit breitt fagmiljø i BDO innan både revisjon, advokat og rådgiving.

– Vi gler oss til å vidareutvikle verksemda saman med Morten og Frode og byggje vidare på det dei og Ole Bjørn har skapt, seier Giljarhus Løkken.

Kontakter

Bilder

Morten Berge Digernes
Morten Berge Digernes
Last ned bilde
Ole Bjørn Kvalsund går av med pensjon.
Ole Bjørn Kvalsund går av med pensjon.
Last ned bilde
Einar Giljarhus Løkken, partnar i BDO
Einar Giljarhus Løkken, partnar i BDO
Last ned bilde
Frode Myklebust
Frode Myklebust
Last ned bilde

Om BDO

BDO Norge er ei rådgjeving- og revisjonsverksemd med 1600 medarbeidarar og over 50 kontor i heile landet. Vi hjelper rundt 30 000 norske verksemder med å skapa og sikre verdiar. Les meir på bdo.no.

Internasjonalt er BDO til stade i 164 land og teller meir enn 111 000 tilsette.

Følg pressemeldinger fra BDO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra BDO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra BDO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye