Vågan kommune får innføre besøksbidrag
28.10.2026 16:33:21 CET | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding
Vågan er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.

– Vågan ligg i hjartet av Lofoten og er ein av stadane der mange har kjent effektane av fleire besøkande aller mest. Besøksbidraget skal bidra til at dei som besøker området også er med på å ta vare på verdiane dei kjem for å oppleve, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Dei tre første kommunane har no fått klarsignal til å innføre overnattingsavgift. Desse er Tromsø, Vågan og Stranda.
Vågan kommune opplever utfordringar som slitasje på natur, mangel på eller underkapasitet på infrastruktur som toalett, veg, parkering og avfall, og dessutan ei meirbelastning på lokalmiljø og offentlege tenester. Utvikling av eit regenerativt reiseliv står sterkt i kommunen og utviklinga av reiselivet skal støtte opp rundt lokal verdiskaping og ta vare på lokal kultur og naturressursar.
Besøksbidragslova vart vedteken av Stortinget i juni 2025, og lova og forskrift om overnatting til kommunane tredde i kraft 1. juli i år. Kommunar som ønsker å innføre besøksbidrag, må lage ein plan og utarbeide lokale forskrifter. Planen må godkjennast av Nærings- og fiskeridepartementet før den kommunale forskrifta kan tre i kraft.
Kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet som har fått planen sin godkjent kan begynne å krevje inn overnattingsavgift frå tidlegast 1. januar 2027.
Departementet har også fått søknader om besøksbidrag frå Lyngen, Karlsøy, Vega, Bodø og Lofoten-kommunane som har levert ein samla plan frå Flakstad, Moskenes, Røst, Vågan, Vestvågøy og Værøy. Desse søknadene er til behandling.
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Om oss
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no
Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Snøkrabbekvoten aukar i 202728.10.2026 17:24:40 CET | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for snøkrabbe i 2027 til 16 594 tonn.
Stranda kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:30:34 CET | Pressemelding
Stranda er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
Tromsø kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:23:27 CET | Pressemelding
Tromsø er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
Ny rapport om innretning av avgift- og kvotesystem for lakselusutslipp28.10.2026 16:00:00 CET | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fått overlevert rapporten «Innretting av avgift- og kvotesystem for lakselusutslipp» fra Menon Economics.
Fiskeri- og havministeren inviterer til dialogmøte om en framtidsrettet sjømatindustri27.10.2026 12:27:11 CET | Pressemelding
Sjømatindustrien bidrar til arbeidsplasser og skaper aktivitet langs hele kysten. Å skape en fremtidsrettet sjømatindustri er en av hovedprioriteringene til fiskeri- og havministeren under Regjeringens plan for Norge.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom