Nærings- og fiskeridepartementet

Stranda kommune får innføre besøksbidrag

28.10.2026 16:30:34 CET | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

Del

Stranda er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.

Næringsminister Cecilie Myrseth.
Næringsminister Cecilie Myrseth. David Tvetene / NFD

– Geiranger er eit av Noregs mest ikoniske reisemål og tiltrekker seg besøkande frå heile verda. Derfor er det viktig at lokalsamfunnet har gode føresetnader for å handtere det høge besøkstrykket. Med besøksbidrag får Stranda kommune ei ny moglegheit til å finansiere fellesgode og tilrettelegging som kjem både innbyggarar og besøkande til gode, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Dei tre første kommunane har no fått klarsignal til å innføre overnattingsavgift. Desse er Tromsø, Vågan og Stranda.

Det store talet besøkande i Geiranger fører til sprengd kapasitet på vegnettet og parkering, press på sentrums- og kaiområda, utfordringar med renovasjon og sanitære forhold, og overbelastning på utsiktspunkt, natur, kulturmiljøa og på andre fellesgode. Aukande turisme legg også press på lokalbefolkninga og trivselen i bygda.

Besøksbidragslova vart vedteken av Stortinget i juni 2025, og lova og forskrift om overnatting til kommunane tredde i kraft 1. juli i år. Kommunar som ønsker å innføre besøksbidrag, må lage ein plan og utarbeide lokale forskrifter. Planen må godkjennast av Nærings- og fiskeridepartementet før den kommunale forskrifta kan tre i kraft.

Kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet som har fått planen sin godkjent kan begynne å krevje inn overnattingsavgift frå tidlegast 1. januar 2027.

Departementet har også fått søknader om besøksbidrag frå Lyngen, Karlsøy, Vega, Bodø og Lofoten-kommunane som har levert ein samla plan frå Flakstad, Moskenes, Røst, Vågan, Vestvågøy og Værøy. Desse søknadene er til behandling.

Kontakter

Om oss

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook 

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye