Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Skjulte blindpassasjerar kan true norsk natur

23.10.2026 13:20:55 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding

Del

Skadelege mikroorganismar har kome til Noreg med importerte planter og teke livet av tre i grøntanlegg og naturområde. No peikar nye risikovurderingar på fleire framande artar som kan etablere seg her. Men kva veit vi eigentleg om skadane dei kan føre til?

NIBIO-forskar Martin Pettersson studerer rhododendronplanter i eit vekstrom, der plantene blir dyrka under kontrollert lys for å undersøkje plantehelse og sjukdomsutvikling.
NIBIO-forskar Martin Pettersson studerer rhododendronplanter i eit vekstrom, der plantene blir dyrka under kontrollert lys for å undersøkje plantehelse og sjukdomsutvikling. Foto: Siri Elise Dybdal

I slekta Phytophthora finst det mange framande artar som kan angripe buskar og tre. Dei kan òg gjere skade i frukt- og bærproduksjonen. Sporane spreier seg med vatn, og langs norske vassdrag har dette fleire stader ført til omfattande tredød.

Artane kjem gjerne til Noreg som blindpassasjerar i jorda som følgjer med importerte prydplanter. Hageplanter er ein av dei viktigaste spreiingsvegane for framande artar til landet. Ifølgje Artsdatabanken kjem 75 prosent av dei framande artane i Framandartslista til Noreg via importerte planter.

– Når Phytophthora først har etablert seg i eit område, er det svært vanskeleg å bli kvitt smitten. Det er eit alvorleg miljøproblem. Vi har registrert over 40 problemartar i Noreg, seier Martin Pettersson, forskar ved NIBIO.

For artar som enno ikkje har etablert seg her, er det særleg viktig å førebyggje spreiing før dei får fotfeste i naturen.

– I Noreg har vi i stor grad vore skåna for mange av dei framande artane som finst lenger sør i Europa, mykje på grunn av klimaet. Men dette kan vere i ferd med å endre seg, og framover kan vi vente ein tydeleg auke i talet på framande artar som etablerer seg her, seier Bjørn Arild Hatteland, forskar ved NIBIO.

– For å vurdere framtidig risiko må ein ikkje berre sjå på kva som finst i norsk natur i dag. Ein må òg undersøkje kva artar som finst lenger sør, korleis klimaet endrar seg, og kva artar som kan kome hit i åra framover, seier Hatteland.

Mange småkryp, som insekt, sniglar og edderkoppdyr, er lite undersøkte. Nokre kan kome inn med store vareparti eller importerte planter utan å bli oppdaga. Kunnskap om desse artane kan hjelpe forvaltninga med å oppdage nye førekomstar tidleg og vurdere behovet for tiltak.

– Målet er ikkje berre å forstå kva artar som gjer skade i dag, men òg å vere betre førebudd på dei som kan bli eit problem i framtida, avsluttar Hatteland.

Denne pressemeldingen er basert på en artikkel publisert på NIBIO.no. Medier kan fritt benytte både innholdet i pressemeldingen og tilhørende bilder mot kreditering av fotograf og henvisning til NIBIO.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

NIBIO-forskar Martin Pettersson studerer rhododendronplanter i eit vekstrom, der plantene blir dyrka under kontrollert lys for å undersøkje plantehelse og sjukdomsutvikling.
NIBIO-forskar Martin Pettersson studerer rhododendronplanter i eit vekstrom, der plantene blir dyrka under kontrollert lys for å undersøkje plantehelse og sjukdomsutvikling.
Foto: Siri Elise Dybdal
Last ned bilde
Rhododendronplantene seks veker etter inokulering i rotklumpen. Kontrollplanten har friske, kvite røter, medan planten som er smitta med Phytophthora, har svarte, rotne røter. Dei skadde røtene klarer ikkje lenger å transportere vatn til plantedelen over jorda, noko som fører til at blada visnar og planten kollapsar.

NIBIO-forskar Martin Pettersson undersøker to rhododendronplanter, der den eine er infisert med Phytophthora ramorum og viser teikn på visning. Symptoma er venta å bli tydelegare dei neste vekene. Organismen kan føre til ramorum-greinvisning og er ein alvorleg karanteneskadegjerar.

Foto Siri Elise Dybdal
Last ned bilde
Blåbær kan vere ein av vertplantene for Phytophthora kernoviae, ein sjukdomsorganisme som finst i delar av Storbritannia. Arten er vurdert å ha gode føresetnader for å etablere seg i Noreg. Han spreier seg med luftborne sporar og kan angripe blåbær og andre heimlege buskar og tre.

Foto: Dan Aamlid
Last ned bilde
Tredød: Glisne kroner og små blad kan være et symptom ved angrep av Phytophthora.
Tredød: Glisne kroner og små blad kan være et symptom ved angrep av Phytophthora.
Foto: Gunn Mari Strømeeng
Last ned bilde
Bjørn Arild Hatteland med brunskogsnegl (Arion vulgaris). Brunskogsneglen, tidlegare kalla iberiaskogsnegl eller brunsnegl, er ein framand art i norsk fauna. Førebels er arten først og fremst eit skadedyr i private hagar, men i enkelte kystområde finst han i store mengder. Han er òg rapportert frå mindre grasareal og som skadeorganisme hos enkelte grønsaks- og jordbærprodusentar.

Foto: Erling Fløistad
Last ned bilde
Flekkbåndsnegl (Cornu aspersum) er ein snegleart som naturleg høyrer heime i middelhavsområdet i Europa. Artsnamnet aspersum tyder «flekkete» og viser til mønsteret på sneglehuset. Arten er rekna som framand i norsk natur og er observert fleire stader langs kysten, nord til Vestland.

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye