Verdsarvutstillinga på plass i Hammerfest
23.10.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
No får "oppmålinga av verda" og Struves meridianboge den spektakulære verdsarvutstillinga.

– Bodskapen etter Unesco-konvensjonen om fred, samarbeid og ansvarskjensle er viktigare enn nokon gong. Derfor er eg er glad for at vi no kan opne utstillinga i Hammerfest, som er endepunktet for Struves meridianboge, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Struves meridianboge er eit heilt spesielt verdsarvområde. Noreg deler det med ni land, frå Svartehavet og heilt opp hit til toppen av jordkloden. Noreg har fire av 34 punkt i kjeda.
– Meridianbogen handlar om oppmålinga av verda, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– Det var eit heilt unikt samarbeid over landegrensene for å skape meir nøyaktige kart. Meridianbogen er eineståande i omfanget og kvaliteten sin, og er eit viktig element i historia til geovitskapen.
Ideen om at jorda kunne vere rund har vore med oss i fleire tusen år, og sjølvaste Isaac Newton fremja ideen om at jorda kunne vere noko flattrykt ved pola.
Men kor mykje var det snakk om? Den tysk-russiske forskaren Friedrich Georg Wilhelm Struve leidde eit omfattande måleprosjekt midt på 1800-talet. Noregs geografiske oppmåling stod for undersøkingane i Noreg ved dei fire målepunkta våre.
Ein reise gjennom verdsarven i Noreg
Verdensarven er alt frå enorme pyramidar i Giza, det er Taj Mahal og Notre Dame, og det er også ærfuglrøkting på Vegaøyan, den enorme industriarven i Telemark og altså oppmålinga av verda med Struves meridianboge i Hammerfest, Alta og Kautokeino.
Utstillinga «Verdsarven vår» fortel om dei åtte norske verdsarvområda, og tek deg med ut på ei storslått reise til verdas viktigeste natur- og kulturarvområde. Utstillinga fortel også om verdsarvkonvensjon frå 1972.
UNESCOs verdsarvkonvensjon vernar natur- og kulturarv, som eit svar på dei store øydeleggingane som verda opplevde under andre verdskrigen.
Verdsarven bidreg til internasjonalt samarbeid, og har som hovudmål å skape fred gjennom undervisning, vitskap, kulturutveksling og kommunikasjon.
Fakta om verdsarven i Noreg
Noreg har åtte verdsarvområde på Unescos prestisjetunge liste:
Bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Vegaøyan, Rjukan-Notodden Industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianboge, Urnes stavkyrkje, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.
I Noreg har Riksantikvaren og Miljødirektoratet ansvaret for oppfølginga av konvensjonen. Stiftinga Noregs verdsarv har bidrege i arbeidet med utvikling og konsept for utstillinga.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder





Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Riksantikvaren tillater utlån av vikingbåt til Danmark16.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Visste du at det store Gokstad-funnet hadde tre småbåter i tillegg til vikingskipet? Nå skal den ene på langtur til Danmark.
Nå fredes Oslo Handelsgymnasium15.10.2026 07:59:13 CEST | Pressemelding
Den tradisjonsrike skolen sikres for evigheten.
No blir Oslo Handelsgymnasium freda15.10.2026 07:59:13 CEST | Pressemelding
Den tradisjonsrike skulen blir sikra for framtida.
Slik forstår du brannsikringsreglene i gamle hus13.10.2026 08:06:46 CEST | Pressemelding
Når et kulturminne blir ødelagt, er det borte for alltid. Nå har Riksantikvaren laget en veileder for å hjelpe eiere og forvaltere til bedre brannsikring.
Slik forstår du brannsikringsreglane i gamle hus13.10.2026 08:06:46 CEST | Pressemelding
Når eit kulturminne blir øydelagt, er det borte for alltid. No har Riksantikvaren laga ein rettleiar for å hjelpe eigarar og forvaltarar til betre brannsikring.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom