Sony Music Norway

Ingebjørg Bratland hand i hand med Kristian Kristensen

26.10.2026 08:21:00 CET | Sony Music Norway | Pressemelding

Del

«Eg held handa di» er ein vakker trøystesong med to av landets mest unike vokalistar, Ingebjørg Bratland og Kristian Kristensen, i duett. Låta er ute frå fredag 30. oktober.

Høyr turnéaktuelle Ingebjørg Bratland i duett med Kristian Kristensen på "Eg held handa di"
Høyr turnéaktuelle Ingebjørg Bratland i duett med Kristian Kristensen på "Eg held handa di"

«Eg held handa di» er ein trøystesong eg har sunge på fleire konsertar det siste året, men det var først i sommar at han blei heilt ferdig. Kanskje trong songen akkurat den tida, og kanskje trong eg det som skjedde rundt oss, for å finne dei siste orda.

Me er mange som treng litt trøyst, og Ingebjørg Bratland evner å sette ord på det mange opplev som overveldande. Ho gjer det universelle personleg, og det personlege universelt. Og denne gongen var det verkeleg personleg, med utspring i aller nærmaste familie. 

Mor og far har vore gift i snart 40 år. Sjølvsagt har det gått ei kule varmt innimellom, slik som det gjerne gjer når ein har delt livet så lenge, men dei har heile tida vore så inderlege kjærastar. Dei har på eit vis bevart den ungdommelege forelskinga, det blikket og den kjærleiken som gjer at dei framleis vel kvarandre. Det er noko eg beundrar dei veldig for.

Ingebjørg var i ferd med å legge ut på haust-turné. På konserter pratar ho mykje med publikum, og mange låtar får si eiga introduksjon. Denne gongen ville ho avklare med foreldra at det var greitt å dele deira historie, og korleis den relaterer til «Eg held handa di»,  med alle som kjem på konsert. 

I sommar fekk familien ein alvorleg og dramatisk beskjed. Det har gjort at ting kanskje er litt annleis no, men kjærleiken står fast. For kjærleiken forsvinn ikkje når livet endrar seg. Det er vel nettopp då me treng kvarandre aller mest. Når livet blir utrygt, når me ikkje veit kva som ventar, når me treng nokon som berre er der. Ei hand å halde i, som minner oss på at me ikkje står åleine.

Ein trøystesong og ei påminning til dei. Og til oss alle. 

Det er det «Eg held handa di» handlar om. Å halde fast i kvarandre når det røyner på som mest og om å finne litt håp i det å vite at me ikkje står åleine.

Men det er ikkje heilt same versjon på konsert som i studioversjonen som kjem 30. oktober. For Ingebjørg kjende heile tida at bodskapet kunne forsterkast. At «Eg held handa di» skulle vere ein duett. 

Songen trong ei stemme til, synst eg. Og for meg så var Kristian Kristensen heilt øvst på ønskelista. Stemma hans er vakker, varm og nær. Kristian tilførte akkurat den ekstra varmen og kjærleiken som songen trong. Eg er så takksam for at han sa ja til å synge «Eg held handa di» saman med meg.

Frå fredag 30. oktober kan du høyre to av Norges finaste stemmer i lag når Ingebjørg Bratland og Kristian Kristensen syng «Eg held handa di».

Her kan du oppleve Ingebjørg Bratland i haust

Ingebjørg Bratland (1990) frå Telemark er ein av Noregs mest folkekjære artistar. Ho er kjend for si særprega røyst og evne til å formidle sterke kjensler med stor nærleik. Med sterke røter i den norske folkemusikktradisjonen har ho utvikla eit musikalsk uttrykk som rører seg saumlaust mellom vise, pop og tradisjon, og som treff eit breitt publikum. 
Ho var allereie populær og etablert som artist og utøvar då ho for alvor slo gjennom med det Spellemannpris-vinnande albumet “Heimafrå” saman med Odd Nordstoga i 2013. Ingebjørg har sidan etablert seg som ei tydeleg stemme i norsk musikkliv med eigne turnéar, utgjevingar og låtar som «Ingen som du», “Ljos" og «Fordi eg elskar deg». 
Gjennom karrieren har Bratland utmerkt seg som ein formidlar som kombinerer tradisjon med samtid, og som gir nytt liv til både eigne og andre sine tekstar. Ho arbeidar no med sitt femte studioalbum, som er venta i januar 2027.
Dei siste åra har ho nådd eit endå større publikum gjennom TV2-suksessen "Hver gang vi møtes", som mellom anna resultera i #1-hiten “Baby, du er rå!” i samarbeid med Hagle, og som framifrå mentor talentprogrammet i The Voice. 
Ho har og stått på den legendariske revyscena Chat Noir i Oslo med “Ei ganske sann historie”, ei førestilling ho seinare tok med seg ut på turné. Med sin sterke kunstnarlege integritet og evne til å skape gjenkjennelege, tidlause forteljingar, står Ingebjørg Bratland i dag som ein av landets mest etterspurde artistar anten det er konsertar, plater eller førestillingar. 
No i oktober og november er det tid for ein omfattande Norgesturné med to konsertar i Operaen i Oslo som avslutning. 
Ingebjørg Bratland er høvesvis jamnleg kopla på, og du finn ho her:  heimeside – TikTok – Instagram - Facebook

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ingebjørg Bratland artwork Eg held handa di
Ingebjørg Bratland artwork Eg held handa di
Last ned bilde
Ingebjørg Bratland pressebilete
Ingebjørg Bratland pressebilete
(c) Marthe Amanda Vannebo
Last ned bilde
Kristian Kristensen pressebilete
Kristian Kristensen pressebilete
Fredrik Hovdevik
Last ned bilde

Om Sony Music Norway

Sony Music Entertainment Norway er en del av Sony Music Entertainment Group, og er et av Norges ledende plateselskaper. Vi representerer et bredt spekter av aktive norske og internasjonale artister, samt en omfattende katalog av stor musikkhistorisk betydning, kvalitet og innflytelse.

Vi respekterer og beundrer våre artister og er stolte av å kunne støtte og tilrettelegge for deres musikk og visjoner ved å skape det rette grunnlaget for kreativitet, vekst og utvikling. Som selskap bestreber vi å gi våre ansatte et godt og stimulerende arbeidsmiljø, og vi ønsker å ha fokus på inkludering, likeverd, mangfold, mental helse og miljø.

Sony Music Entertainment Norway representerer blant annet 2AM-DM, Adele, Arif, Bargee, Bernhoft, Beyoncé, Bruce Springsteen, Calvin Harris, CC Cowboys, deLillos, Emma Jensen, Foo Fighters, Frida Ånnevik, Harry Styles, Ina Wroldsen, Inge Bremnes, Julie Bergan, Justin Timberlake, Kamelen, Klossmajor, Kurt Nilsen, Kygo, Labrinth, Madeléne, Maria Mena, Matilda, May, Miley Cyrus, Morgan Sulele, Nora Jabri, Peder Elias, P!nk, Rosalia, Silje Nergaard,  Spelloppmaker, Staysman, Stig Brenner, SZA, Tigergutt101, Travis Scott, Tyler the Creator, Tyr, Wolf Alice, Zara Larsson med mange fler.

Følg pressemeldinger fra Sony Music Norway

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sony Music Norway på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sony Music Norway

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye