Nærings- og fiskeridepartementet

Kyststatane einige om totalkvotar for kolmule og norsk vårgytande sild

15.10.2026 16:42:22 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

Del

Kyststatane har blitt einige om totalkvotar for norsk vårgytande sild (NVG-sild) og kolmule for 2027. Totalkvotane er fastsette i tråd med dei vitskaplege råda frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES).

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss-
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss. Foto: NFD

– Når kyststatane no er einige om kvotar i tråd med forvaltningsplanen og dei vitskaplege råda, gir det eit godt grunnlag for ei berekraftig forvaltning og for vidare arbeid med å få på plass heilskaplege avtalar om fordeling av bestandane, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Det er avtalt ein totalkvote på kolmule på 1 064 191 tonn i 2027, og for norsk vårgytande sild er det lagt til grunn ein totalkvote på 588 004 tonn for 2027, begge i samsvar med forvaltningsplanen som kyststatane har blitt einige om.

Kyststatane er også einige om å fortsette arbeidet med heilskaplege kyststatsavtalar om fordeling av bestandane, for å sikre ei langsiktig og berekraftig forvaltning.

Det er Noreg, EU, Storbritannia, Færøyane og Island som er kyststatar til kolmule, medan kyststatane til norsk vårgytande sild er Noreg, Russland, Storbritannia, Færøyane og Island.

Dei endelege kvotane for norske fiskarar for 2027 vil bli fastsette når reguleringane er vedtekne og dei endelege tala for kvotebytte og gjennomført fiske ligg føre.

Kontakter

Om oss

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook 

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye