Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

No kan kven som helst få innblikk i nasjonal landbruksøkonomi

15.10.2026 11:48:44 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding

Del

NIBIO har lansert eit nytt dashbord som gjer det mogleg å utforska økonomien i norsk landbruk heilt tilbake til 1959. Tidlegare har tala i stor grad vore tilgjengelege i store tabellar, men no er inntekter og utgifter i landbruket presenterte visuelt og meir brukarvenleg.

Fôrkostnadar er ein veldig stor utgiftspost i landbruket. Dette gjeld sjølvsagt berre for husdyrprodusentane, men det er også dei det er flest av i landet vårt.
Fôrkostnadar er ein veldig stor utgiftspost i landbruket. Dette gjeld sjølvsagt berre for husdyrprodusentane, men det er også dei det er flest av i landet vårt. Foto: Morten Günther

Bak datagrunnlaget ligg eit omfattande statistikkarbeid utført av Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ). NIBIO har vore sekretariat for nemnda sidan ho blei oppretta i 1948, og forvaltar datamaterialet.

– Me har lenge ønska å laga ein meir moderne og brukarvenleg presentasjon av økonomien i norsk landbruk. I sommar fekk me inn to masterstudentar som har vore med å utvikla eit dashbord med viktige hovudtal, fortel Hanne Margrete Johnsen, seniorrådgjevar for landbruksøkonomi i NIBIO.

Dashbordet gjer det enklare å sjå dei store linjene i utviklinga av norsk landbruksøkonomi. Mellom anna viser tala at innkjøpt fôr er ein stor utgiftspost. I 2025 gjekk 26 prosent av kostnadane i norsk landbruk til fôr, totalt 11,6 milliardar kroner.

– Me håper at dette kan hjelpa studentar, journalistar, politikarar og alle andre som er interesserte, til å få eit betre innblikk i korleis det går med økonomien i norsk landbruk, seier Johnsen.

Det interaktive dashbordet har fem hovudtema: inntektsutvikling, inntektsfordeling, kostnadsfordeling, ei detaljert oversikt over inntekter og utgifter og ei samanlikning av rekneskap og budsjett for dei siste åra.

Dashbordet er tilgjengeleg på NIBIO sine nettsider. NIBIO ønskjer tilbakemeldingar og forslag til forbetringar, og vil arbeida for å gjera meir av talmaterialet tilgjengeleg på denne måten i framtida.

Denne pressemeldingen er basert på en artikkel publisert på NIBIO.no. Medier kan fritt benytte både innholdet i pressemeldingen og tilhørende bilder mot kreditering av fotograf og henvisning til NIBIO.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fôrkostnadar er ein veldig stor utgiftspost i landbruket. Dette gjeld sjølvsagt berre for husdyrprodusentane, men det er også dei det er flest av i landet vårt.
Fôrkostnadar er ein veldig stor utgiftspost i landbruket. Dette gjeld sjølvsagt berre for husdyrprodusentane, men det er også dei det er flest av i landet vårt.
Foto: Morten Günther
Last ned bilde
Hanne Margrete Johnsen er seniorrådgjevar i avdelinga for landbruksøkonomisk analyse i NIBIO.
Hanne Margrete Johnsen er seniorrådgjevar i avdelinga for landbruksøkonomisk analyse i NIBIO.
Foto: Privat
Last ned bilde
Kostnadsfordelinga frå 2016 – 2026 syner at innkjøpt fôr er ein stor utgiftspost for norsk landbruk.
Kostnadsfordelinga frå 2016 – 2026 syner at innkjøpt fôr er ein stor utgiftspost for norsk landbruk.
Illustrasjon frå nibio.no
Last ned bilde
Lønsemd i norsk landbruk sidan 1959. Når ein ser utviklinga i faste 2025 kroner (som gjer at beløpa frå år til år vert samanliknbare), kan ein sjå utviklinga i lønsemd frå 1959 til 2025. Opptrappinga i inntekt på slutten av 1970 talet og igjen dei siste åra, kjem tydeleg fram.

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye