Ny rasteplass opnar ved Lærdalsfjorden
15.10.2026 12:41:59 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Tysdag 20. oktober opnar Statens vegvesen ein ny rasteplass på Røyrnes langs fylkesveg 5627 i Lærdal kommune.

Langs Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet, omlag fire km vest for Lærdalsøyri, ligg Røyrnes vakkert til ved Lærdalsfjorden. Denne populære stoppestaden for turistar og lokalbefolkninga har no fått eit solid løft.
Gjennom det nye prosjektet har Røyrnes fått ei trygg av- og påkøyring frå fylkesvegen. Det moderne toalettbygget, med sin glassfasade og markerte tak, gir Røyrnes ein tydeleg arkitektonisk identitet i tråd med turistvegsatsinga sitt særpreg. Bygget har eit HC-WC og to unisex-toalett samt eit teknisk rom.
På det tilrettelagde opphaldsarealet kan publikum nyte utsikta og ta ein god rast. Ei eiga rastetrapp gir god tilgang til fjorden. Her kan besøkande kome tett på vatnet eller ta eit bad. Rasteplassen har kapasitet til elleve personbilar, inkludert éin HC-plass, fem bubilar i tillegg til avfallshandtering.
- Røyrnes er ein flott stoppestad på køyreturen over Aurlandsfjellet. Med nytt servicebygg, opphaldsareal, god parkering og enkel tilgang frå vegen ligg alt til rette for at vegfarande kan ta ei god pause i møtet mellom fjord og fjell, seier Silje Myhre Amundsen, seksjonsleiar for Nasjonale turistveger i Statens vegvesen.
Anlegget på Røyrnes er eit av fem turistvegprosjekt Statens vegvesen har etablert langs Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet. Andre kjente turistvegtiltak er utsiktspunktet Stegastein, rasteplassane Sluppen og Flotane og kunstinstallasjonen «Den» av Mark Dion på Vedahaugane.
Byggherre: Statens vegvesen
Arkitekt: Jensen og Skodvin Arkitektkontor AS v/ Jan Olav Jensen
Konstruksjonsteknikk: Degree Of Freedom AS
Entreprenør: Brun Bygg AS
Nøkkelord
Kontakter
Silje Myhre AmundsenSeksjonssjefStatens vegvesen Nasjonale turistveger
Tel:+47 97522979silje.amundsen@vegvesen.noPer FinborudStrekningsansvarligStatens vegvesen Nasjonale turistveger
Tel:934 83 862per.finborud@vegvesen.noBilder




Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Klage gir forseinka oppstart for første tunnelkontrakt i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle9.11.2026 13:20:34 CET | Pressemelding
Oppstart på den første tunnelkontrakten blir forseinka på grunn av klage frå ein av tilbydarane. Planlagt byggestart for prosjektet blir forskjøvet frå 2026 til 2027.
Omfattande tiltak skal sikre E136 gjennom Sjøgata i Ålesund9.11.2026 12:48:36 CET | Pressemelding
E136 gjennom Sjøgata er trygg å bruke. No blir belastninga redusert og arbeidet med ein midlertidig veg er forsert.
Kø inn mot Hamar fra mandag når signalanlegg skal skiftes ut7.11.2026 10:34:46 CET | Pressemelding
Ta høyde for at kjøreturen på riksveg 25 fra E6 og Åkerkrysset inn mot Hamar sentrum vil ta lengre tid fra mandag morgen og hele neste uke.
Vegen kan være bar i det ene øyeblikket og glatt i det neste6.11.2026 14:55:55 CET | Pressemelding
Vi er i overgangen mellom høst og vinter, og føret kan skifte raskt. Vegen kan se svart og bar ut, men likevel være dekket av en tynn hinne med is.
Bergsikring på E39 i Brusdalen6.11.2026 12:13:43 CET | Pressemelding
Den 10. november skal Statens vegvesen sikre bergskjæringer langs E39 i Brusdalen i Ålesund. Vegen vil være åpen, men trafikantene må regne med noe redusert framkommelighet
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom