Statens vegvesen

Ny rasteplass opnar ved Lærdalsfjorden

15.10.2026 12:41:59 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Tysdag 20. oktober opnar Statens vegvesen ein ny rasteplass på Røyrnes langs fylkesveg 5627 i Lærdal kommune.

Oversiktsbilete av rasteplassen på Røyrnes. Eit toalettbygg ligg mellom vegen og fjorden, omgjeve av sitjeplassar, tre og bratte fjellsider med haustfargar.
Røyrnes rasteplass. Ei ny parkeringsløysing skild frå fylkesvegen gir betre trafikktryggleik. Nasjonale turistveger, Statens vegvesen

Langs Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet, omlag fire km vest for Lærdalsøyri, ligg Røyrnes vakkert til ved Lærdalsfjorden. Denne populære stoppestaden for turistar og lokalbefolkninga har no fått eit solid løft.  

Gjennom det nye prosjektet har Røyrnes fått ei trygg av- og påkøyring frå fylkesvegen. Det moderne toalettbygget, med sin glassfasade og markerte tak, gir Røyrnes ein tydeleg arkitektonisk identitet i tråd med turistvegsatsinga sitt særpreg. Bygget har eit HC-WC og to unisex-toalett samt eit teknisk rom.

På det tilrettelagde opphaldsarealet kan publikum nyte utsikta og ta ein god rast. Ei eiga rastetrapp gir god tilgang til fjorden. Her kan besøkande kome tett på vatnet eller ta eit bad. Rasteplassen har kapasitet til elleve personbilar, inkludert éin HC-plass, fem bubilar i tillegg til avfallshandtering.

- Røyrnes er ein flott stoppestad på køyreturen over Aurlandsfjellet. Med nytt servicebygg, opphaldsareal, god parkering og enkel tilgang frå vegen ligg alt til rette for at vegfarande kan ta ei god pause i møtet mellom fjord og fjell, seier Silje Myhre Amundsen, seksjonsleiar for Nasjonale turistveger i Statens vegvesen.

Anlegget på Røyrnes er eit av fem turistvegprosjekt Statens vegvesen har etablert langs Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet. Andre kjente turistvegtiltak er utsiktspunktet Stegastein, rasteplassane Sluppen og Flotane og kunstinstallasjonen «Den» av Mark Dion på Vedahaugane.

Byggherre: Statens vegvesen
Arkitekt: Jensen og Skodvin Arkitektkontor AS v/ Jan Olav Jensen
Konstruksjonsteknikk: Degree Of Freedom AS
Entreprenør: Brun Bygg AS

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Oversiktsbilete av rasteplassen på Røyrnes. Eit toalettbygg ligg mellom vegen og fjorden, omgjeve av sitjeplassar, tre og bratte fjellsider med haustfargar.
Røyrnes rasteplass. Ei ny parkeringsløysing skild frå fylkesvegen gir betre trafikktryggleik.
Nasjonale turistveger, Statens vegvesen
Last ned bilde
Toalettbygg i betong og glas på Røyrnes ved Lærdalsfjorden. Framfor bygget ligg asfalt og gangareal, medan fjorden, fjell og haustfarga tre dannar bakgrunnen.
Toalettbygget er bygd i plasstøypt betong med glasfasadar og dører i eik.
Nasjonale turistveger, Statens vegvesen
Last ned bilde
Betongbenkar og bord ved Lærdalsfjorden på Røyrnes. I bakgrunnen ligg fjorden omgjeven av fjell og haustfarga bjørketre.
Dei nye opphaldsareala er universelt utforma og gir gode høve til å nyte fjordutsikta.
Nasjonale turistveger, Statens vegvesen
Last ned bilde
Betongtrapp ned mot Lærdalsfjorden ved Røyrnes.
Den nye rastetrappa opnar for gode naturopplevingar tett ved fjorden.
Nasjonale turistveger, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye