Riksantikvaren

No blir Oslo Handelsgymnasium freda

15.10.2026 07:59:13 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding

Del

Den tradisjonsrike skulen blir sikra for framtida.

En skolebygning i rød murstein med store vinduer, et klokketårn i hjørnet og en bred, asfaltert gårdsplass ved hovedinngangen.
Oslo Handelsgymnasium Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Riksantikvaren fredar Oslo Handelsgymnasium torsdag 15. oktober. 

– Oslo Handelsgym er eitt av Noregs viktigaste kulturminne for skulehistorie, arkitektur og krigshistorie. Eg er glad for at skulen no blir freda, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Skulen vart etablert i 1875, og dagens bygning i Parkveien 65 stod ferdig i 1940. 

Funksjonalistisk arkitektur i toppklasse 

Bygningen vart teikna av Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas, som var eit svært viktig radarpar i norsk arkitekturhistorie. Dei hadde tidlegare teikna Odd Fellow-bygningen og Klingenberg kino. 

Oslo Handelsgymnasium vart eit komplekst skuleprosjekt, heilt i tråd med arkitekturstraumdraga i samtida. 

Skulen var planlagd opna hausten 1940, men vart ikkje teken i bruk som skule før i 1946. Oslo Handelsgym vart rekvirert av den tyske okkupasjonsmakta og brukt som kommandosentral gjennom heile krigen. 

– Det er flott å sjå at det vart investert i varige materiale og tidstypiske detaljar av høg kvalitet. Det gleder eit arkitekthjarte, og mange andre òg. Elevane på Oslo Handelsgym går på ein skule som verkeleg har nasjonal verdi, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Tyskarane bygde òg ein bunker under skulegarden, som i dag husar eit museum. 

– Oslo Handelsgymnasium fortel historia om utdanning, arkitektur og okkupasjonstid under eitt og same tak. Her sit historia i veggane, både på godt og vondt. Men òg desse mørke delane av historia er verdt å ta vare på, som ei påminning om vonde år i Noreg, seier Geiran. 

Frå «dødsrom» til «hyggerom» 

– Her låg både Wehrmachts hovudkvarter og leiinga i Reichskommissariatet under krigen. Det gjev dette anlegget ein heilt særskild kulturhistorisk verdi, fortel Geiran. 

– Rommet som i dag blir kalla «Hyggerommet», vart under krigen brukt som rettslokale av tyskarane. Heimefronten omtala det som «Dødsrommet». Det er òg viktig å bevare denne smertefulle kulturarven, seier ho. 

Oslo Handelsgymnasium fungerer i dag som vidaregåande skule og har rundt 1000 elevar og 90 tilsette. 

– Oslo Handelsgymnasium har vore ein del av byhistoria i generasjonar. Fleire tusen elevar har gått gjennom dørene her, og mange har derfor eit nært forhold til denne flotte bygningen. Denne fredinga tek vare på bygningen, men òg alle historiene som høyrer med, seier Oslo-ordførar Anne Lindboe. 

Føremålet med fredinga er: 

  • å bevare Oslo Handelsgymnasium som eit kulturhistorisk viktig anlegg som dokumenterer skulehistorie, samfunnsutvikling og byutvikling frå midten av 1800-talet og fram til i dag 

  • å bevare Oslo Handelsgymnasium som eit sentralt og godt bevart funksjonalistisk arkitekturminne av arkitektane Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas, med arkitektteikna inventar og integrert kunst av nasjonal verdi 

  • å bevare Oslo Handelsgymnasium som eit viktig kulturminne frå andre verdskrigen og den tyske okkupasjonsmakta si tilstadevering i Noreg, med dei bygningsmessige og interiørmessige tilføringane tyskarane gjorde. 

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

En skolebygning i rød murstein med store vinduer, et klokketårn i hjørnet og en bred, asfaltert gårdsplass ved hovedinngangen.
Oslo Handelsgymnasium
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
En bygning i rød murstein med skiltet Oslo Handelsgymnasium på et gatehjørne med trikkespor.
Oslo Handelsgymnasium
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
En innendørs hall i flere etasjer med trappetrinnsformede balkonger, et stort veggmaleri og et sitteområde i første etasje med bord og stoler.
Interiør i Oslo Handelsgymnasium.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
En bred trapp med steintrinn og rekkverk i tre i et solfylt atrium, med en statue av en kvinne og potteplanter.
Interiør i Oslo Handelsgymnasium.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
En utstilling på museet om media i krigstid, med interaktive skjermer, informasjonstavler og en gammel treradio på et stativ.
Den tyske bunkeren i skolegården til Oslo Handelsgymnasium, som i dag huser et museum.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
Et portrettbilde av riksantikvar Hanna Geiran, ikledd blå frakk og foran Riksantikvarens hovedinngang.
Riksantikvar Hanna Geiran
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde

Om oss

Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye