Kinderegg ved Kvarmakløvet på E16
20.10.2026 12:51:45 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
E16-prosjektet Åsbrekkegjelet-Skromle bru, som opna i dag, oppfyller tre ynskjer på ein gong.

– Det er ein stor dag å kunna klippa snora for dette prosjektet som inneheld både breiare og sikrare veg, betra skred-og flaumsikring og eit sideterreng som skal bidra betre i nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen om den tre kilometer lange strekninga nord i Voss herad.
Kvarmakløvet ligg omtrent midt på strekninga, og har vore det mest krevjane partiet for trafikantane.
Dette er prosjektet
Den tre kilometer lange vegetappen som no er opna ferdig utbetra, har tidlegare framstått som ein av dei dårlegaste mellom Bergen og Oslo.
Vegen hadde i dette området tidlegare ikkje gul midtstripe, og den hadde smale og grunne grøfter som gav utfordringar vinterstid med snø, høge brøytekantar og ved isnedfall. Dei nye grøftene er breiare og har betre dreneringstilhøve enn tidlegare, slik at utfordringane med is, snø og sørpeskred skal verta mindre enn før.
– Trafikksikkerheita og framkomst på strekninga er no vorte betra gjennom at vi har gjort vegen og vegskuldrene breiare, etablert forsterka vegoppmering (gul midtstripe og kvit kantstripe) og tilgjevande sideterreng, altså eit relativt flatt terreng som er utforma for å redusera konsekvensane ved utforkøyring.
I tillegg er to avkøyrsler er lagde om for å betra sikta og hellingstilhøve. To kantstopp er vorte erstatta med busslomme og plattform.
Vidare arbeid
Det blir etablert belysning frå Skromle bru til sørleg ende av Kvarmakløvet. Statens vegvesen planlegg vidare for ytterlegare skredsikring i området.
Prosjektet er sterkt etterlengta både lokalt og regionalt, og av både privatpersonar og transportnæringa. Statens vegvesen har jobba tett og godt saman med Voss herad for å få realisert bygginga.
Ferdig på tid og budsjett
– Då dei naudsynte løyvingane var på plass, starta Statens vegvesen anleggsarbeida i desember 2024. Først var det sprenging, før vegen kunne breiddeutvidast for å oppfylla breiddekrava til kvit kantstripe og gul midstripe. Prosjektet er no ferdig til planlagd tid og innanfor styringsramma på 181 millionar.
– Folk skal fram, bilar skal fram, varer skal fram, tenester skal fram. Betre framkomst på denne delen av E16 er avgjerande for Statens vegvesen, då E16 er ein av hovudvegane mellom Vestland og Austlandet. Vi tek vare på det vi har, held ved like der vi kan, og byggjer nytt der vi må, avsluttar avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.
Takkar trafikantane for tolmodet
Hovudentreprenør har vore Dokka Entreprenør.
Av tryggleiksomsyn har det vore nødvendig med til dels omfattande trafikkregulering og stenging. Vegvesenet takkar trafikantane for tolmodet i anleggsperioden.
Kontakter
Svenn Egil FindenAvdelingsdirektørStatens vegvesen Drift og vedlikehald Vest
Tel:951 48 614svenn.finden@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje
Bilder













Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E134 ved Notodden stenges i neste uke20.10.2026 12:26:11 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen stenger E134 ved Tuvensletta på Notodden fra midnatt natt til mandag 26. oktober til fredag 30. oktober for å skifte en kulvert.
Tunnelinspeksjoner stenger tre tunneler på E39 i Flekkefjord20.10.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal gjennomføre ordinære inspeksjoner av Austadtunnelen, Drangeidtunnelen og Logatunnelen.
Samferdselsministeren først over nye Ramfjordbrua i Tromsø19.10.2026 16:01:42 CEST | Pressemelding
Med Statens vegvesen bak rattet, var samferdselsminister Kamzy Gunaratnam med i den første bilen over den nye Ramfjordbrua på E8 mandag.
Nattarbeid ved E16 Åsbrekkegjelet19.10.2026 14:51:23 CEST | Pressemelding
Natt til 22. oktober skal Statens vegvesen gjera eit mindre nattarbeid ved Åsbrekkegjelet nord i Voss herad.
Manuell dirigering når straumen på Måløybrua vert kobla frå19.10.2026 13:29:44 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen installerer nytt styringssystem på Måløybrua.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom